Venstre samla om nytt grunnlovsspråk

Venstre si stortingsgruppe røysta samla for å modernisere språket i Grunnlova. – Det gler meg at Stortinget no er einige om ein ny grunnlovtekst, og at den lova som har høgst rang av alle no kjem på begge målformer, seier Venstres Abid Q. Raja. Raja har vore Venstre sin ansvarlege i arbeidet med Grunnlova.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 - Det gler meg at Stortinget no er einige om ein ny grunnlovtekst, seier Raja.

– Det gler meg at Stortinget no er einige om ein ny grunnlovtekst, seier Raja.

– Det har sjølvsagt ein tung symbolverdi at vi kan få ei Grunnlov som viser den språklege jamstellinga i praksis. Det er ein stor siger for nynorsken, og vil vise at sjølv om vi brukar bokmål og nynorsk om kvarandre i lovgjevingsarbeidet, så har ingen av målformene høgare rang enn den andre, sa Venstre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn, under debatten om grunnlova i Stortinget tysdag.

Heftig debatt
Abid Q. Raja har vore blant dei sterkaste stemmene det siste halve året mot å gjere endringar i språket i Grunnlova.

– Eg har vore kritisk til å endre Grunnlovas språk. Den norske Grunnlova er ei av verdas eldste, og det gjør meg stolt. Difor kjennes det ikkje rett å endre vår juridiske arv og eit kulturhistorisk dokument til fordel for ein meir moderne språkdrakt tilpassa vår samtid, seier han.

 - Det har sjølvsagt ein tung symbolverdi at vi kan få ei Grunnlov som viser den språklege jamstellinga i praksis, seier Rotevatn.

– Det har sjølvsagt ein tung symbolverdi at vi kan få ei Grunnlov som viser den språklege jamstellinga i praksis, seier Rotevatn.

Rotevatn har ikkje vore einig i Rajas syn.
– Grunnlova er ein fagtekst, og ein juridisk tekst. Men ho er også eit nasjonalsymbol. Og det sender etter mitt syn eit uheldig signal at nasjonalsymbolet vårt skal vere skrive på eit språk som vanskeleg kan kallast norsk. Det er krevjande for folk flest å forstå. Somme er opptekne av at det gamalmodige grunnlovsspråket er «høgverdig». Etter mitt syn er det ingenting verdig ved at vanlege folk ikkje kan forstå sine eigne rettar og plikter etter Grunnlova, seier han.

Sjå Raja i debatt om Grunnlova på NRK Aktuelt.

Moderat modernisering
Venstre likte ikkje kompromissløysninga i Stortinget, der fleirtalet vedtok professor emeritus Finn-Erik Vinjes konservative bokmål og jussprofessor Hans Petter Gravers moderne nynorsk. Likevel valde eit fleirtal i Venstres gruppe å røyste for den moderate moderniseringa av bokmålet som Vinje stod for. Dette fleirtalet meinte dette var eit steg i riktig retning for ei meir forståeleg grunnlov.

– Etter å ha fulgt dei siste dagars utvikling og debatt vil eg argumentere og røyste for Graver sin bokmålsversjon og Graver sin nynorskversjon. Åleine for at disse versjonane harmonerer betre med kvarandre. Kompromiss er sjeldan den beste løysinga, sa Raja i debatten i Stortinget.

 Venstre røysta for den såkalla Graver-Graver-modellen som ville føre til ei lik Grunnlov på både bokmål og nynorsk.

Venstre røysta for den såkalla Graver-Graver-modellen som ville føre til ei lik Grunnlov på både bokmål og nynorsk.
Foto: © Stortingsarkivet/ foto: Teigens fotoatelier as

Venstre røysta for den såkalla Graver-Graver-modellen som ville føre til ei lik Grunnlov på både bokmål og nynorsk. Denne modellen fekk røystene til V, Ap, Sp, SV og MDG, men det var diverre ikkje nok til endring. Det krevs 2/3 fleirtal for endringar i Grunnlova.

Endeleg nynorsk
Venstre si gruppe røysta deretter samla for ein ny nynorsk versjon av Grunnlova basert på Graver-utvalet sitt framlegg. Dette blei vedteke av eit samrøystes Storting.

– Når dei fleste motargumenta mot ein oppdatert grunnlovstekst på to målformer no er rydda av vegen, er det på tide at fleitalet i Stortinget samlar seg om ei ny Grunnlov for ei ny tid. Det er eg glad for at Stortinget no har gjort, seier Rotevatn.

Etter behandlinga i Stortinget peikar fleire på at nynorskversjonen er meir moderne og forståeleg. Nynorskforkjemparane i Noregs Mållag karakteriserer mellom anna nynorskversjonen som folkeversjonen.

Note: Venstre fremma i 2011 eit eige representantforslag om m.a. å modernisere språket i Grunnlova for å gjere det lettare tilgjengeleg slik at borgaranes rettstryggleik betrast. Dette forslaget fekk den gong berre røystene frå Venstre.

Les: Representantforslag frå Trine Skei Grande og Borghild Tenden om å revidere Grunnlova.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**