Respektlaust om 8. mai

Bystyrerepresentant Anders Skoglund (V) sett skapet på plass overfor dei som ikkje vil hedre alle veteranar på 8. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Skoglund2

Foto: Mathias Fischer

Eit initiativ som kallar seg «Ta 8. mai tilbake» freistar å arrangere ei alternativ markering på 8. mai med einsidig fokus på frigjeringa frå nazistane i protest mot at dagen har vorten tatt i bruk også som ein veterandag for soldatar som har delteke i internasjonale operasjonar, eller «angrepskrigar » som dei kallar det.

Eg ser ikkje problemet med å gje dagen ein dobbel funksjon. Det går ein raud trå frå veteranane frå den andre verdskrigen til dei som har delteke i internasjonale operasjonar. Det verkar som om motstanderne ikkje forstår at det ikkje er deltaking i internasjonale operasjonar i seg sjølv vi markerer 8. mai, men soldatane som deltok.

Debatt om norsk deltaking i internasjonale operasjonar er sjølvsagt viktig, men den må «Ta 8. mai tilbake» ta med politikarane. Å påstå at desse soldatane ikkje fortener dekorasjonar, takksemd og heider, at dei som fell i strid for vårt demokratiske fleirtals avgjersler ikkje skal minnast 8. mai, er respektlaust. Det er ei unødig påkjenning for deira pårørande og soldatane som kjempa ved deira side.

Anders Skoglund
Bystyrerepresentant for Venstre

Innlegget sto på trykk i Bergens Tidende torsdag 8. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**