Jan Kløvstad

Bystyremedlem 2007-2015. I perioden 2011-2015 nestleiar helse- og omsorgskomiteen. Varamedlem til fylkestinget og kontrollutvalet i fylkestinget.

Frå hausten 2015 gruppeleiar for Venstre i fylkestinget og nestleiar i komiteen for kultur, næring og helse.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


2007-2011 gruppeleiar for Venstre i bystyret, medlem av kommuneplanutvalet, varamedlem til formannskapet, planutvalet og administrasjonsutvalet, medlem av helse- og omsorgskomiteen. 2011-2015 bystyremedlem, nestleiar i helse- og omsorgskomiteen, varamedlem til formannskapet, kommuneplanutvalet og administrasjonsutvalet.
Skjulestad, Molandsveien 824, 4849 Arendal Født 1956, to barn. Mobil 91 80 82 56 [email protected]

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

Jan Kløvstad har arbeidd som fylkessekretær i Noregs Ungdomslag, kultursekretær, forlagssjef i Noregs Boklag og marknadskonsulent i Det Norske Samlaget, sekretær for Alko-Kuttkampanjen, informasjonsjef i Venstre, direktør i Nordens Hus på Færøyane, politisk sekretær for sentrumspartia i Nordisk Råd, direktør for Grønlands Kulturhus – Katuaq i Nuuk i Grønland. 1999-2009 kultur- og miljøsjef i Tvedestrand. Frå sommaren 2009 60% prosjektleiar i Bokbyen ved Skagerrak og 20% fylkessekretær for Agder Venstre.

Bøker:
Han har også skrive bøkene “Lutefisk” (1988) saman med John Moberg, “Glede og hugnad, samarbeid og dugnad. Aust-Agder ungdomslag 1896-1996” (1996) , “Ild, begeistring og varme. Om første folkehøgskolen på Sørlandet” (2000), vore hovudforfattar og redaktør av “Ungdomshuset. Eit kultursenter i Bygde-Norge” 1986, “Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996” (1995), redigert “Søkelys på biografi- og memoarlitteratur om og av nordiske samtidspolitikere” (1990), “Etikk i politikk og journalistikk” (1990), “Norsk humor” (1995) saman med Herbjørn Sørebø og redigert og skrive ei rekke bøker om kulturhistorie, humor, færøysk, grønlandsk og nordisk kultur. I 2006 og 2007, mellom anna artiklar i “Åsta i våre hjerter.” Vennebok til Åsta Holth utgitt til 100-årsminnet februar 2003, “Trés bien” – Kristian Blak 60 år, forlaget TUTL, Færøyane, “Katuaq 1997-2007”, forlaget Milik, Grønland og i “Oplevelser. Koblinger og transformationer”, Aalborg Universitetsforlag, 2006, artikkel i “Estland-Norge 25 år”, september 2010. Redaktør av “Spøkefugl og alvorsmann – Øyvind Bjorvatn 80 år”, april 2011. Artikkel om “Borrby bokby og verda” i boka “Boken om böcker”, Star in Oval forlag, Borrby i Sverige, 2012. Redaktør og hovudforfattar i “Å bygge ein by på bøker”, Bokbyen Forlag 2014. Redaktør og forfattar i Henry Lawson: “I sol og regn på slitne bein”, Bokbyen Forlag 2014.

Verv:
Jan Kløvstad har hatt mange verv i Venstre, Foreningen Norden og Noregs Ungdomslag på lokalt, regionalt, nasjonalt og nordisk plan, og i Liberal International. Styremedlem i det Norske Samlaget 1986-1988. Han har også vore styremedlem i Nordisk Informasjonskontor Sør-Norge (2001-2007), ITCIP- International Training Institute of Indigenous Peoples (hovudsete Nuuk/Ottawa) (1999-2009), Bokbyen ved Skagerrak i Tvedestrand og Kystkulturuka (1999-2005) i Tvedestrand og styremedlem for ungdoms- og musikkfestivalen Skodje Fjord Cadenza i oppstartingsperioden. I 1995 var han mellom initiativtakarane til Stiftelsen Torgny Segerstedts Minne i Göteborg. I 2004-2005 var han også medlem av Jørgen Løvland-nemnda for å løfte fram Venstre sin statsminister i Stockholm i 1905. Medlem i styringsgruppa for Sørlandets litteraturpris frå 2007.

Leiar i Arendal Venstre 2003-2011. Medlem av Kunstnarleg råd for Dei nynorske festspela i Ørsta 2005-2007.

Styremedlem Sørnorsk filmsenter frå hausten 2008,nestleiar frå 2012 og leiar frå 2014. Sakkyndig i Nordisk kulturfond 2008-2010, norsk sekretær for Letterstedtska föreningen frå 2009. President i International Organisastion of Booktowns 2012-2014, styremedlem 2014-2016.

Prisar:
4H-plaketten for fullført 4H-program 1975
Sparebankens initiativpris i Aust-Agder 1982 for arbeid med hjelpesendingar til Polen (saman med Ingeborg og Per Haakstad),
Ole Vig-prisen 1987 for frivillig ungdomsarbeid og arbeidet med Aksjonen Norge mot Dounreay,
reiselivsprisen på Færøyane 1994,
og er utnemnt til turistambassadør for Grønland.
Tildelt Sokneprest Andersson-Ryssts pris i 1999 for samarbeid mellom Norge, Færøyane og Island.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**