FRISKULE – EIT DILEMMA FOR SKODJE

Ein privat friskule er etablert og ønskjer å starte opp i Skodje.
Valfridom for foreldre og elevar gjer at vi ønskjer å vere posistive til slik etablering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Det er sunt med konkurranse. Det kan vere med å heve kvaliteten i offentleg skule.

Spørsmålet om private friskuler er eit politisk dilemma for eit sosial-liberalt parti, når vi samstundes vil ha ein sterk offentleg skule. Friskuler bidreg utan tvil til nytenking og gir nye erfaringar om pedagogikk og organisasjonsformer, samtidig som dei gir valgfridom til å finne det undervisningstilbodet som passar best for den enkelte elev.
Friskuler skal berre vere eit supplement til den offentlege skulen, og friskular bør derfor ikkje ha eit omfang og ei utbreing som svekkjer det offentlege skulesystemet.

Skodje Venstre meiner at det er viktig å ta vare på ALLE skulebarn i kommunen og gi dei høve til eit best mogleg undervisningstilbod utifrå deira ønskjer og behov.

Vi ser at Skodje kommune med dagens skuletruktur, vil kunne få ei økonomisk utfordring ved etablering av ein såpass stor friskule. Men rådmannens utsegn om forfordeling vert urimeleg, ettersom vi også i dag har stor variasjon i kostnad pr elev mellom skulane.

Privatskulen si venneforeninga v/ Nils Petter Starheimsæter reiser kritikk av tilbodet Skodje kommune gir elevane i Skodje sentrum og i SFO. No er det vel slik at kritikk av dei som ein vil ha støtte frå, ikkje alltid er beste medisin. Eg tek avstand frå påstandane knytt til at vi ikkje har gjort noko for å utvide skulane og at vi driv ulovleg med omsyn til spesialundervising i skulen. Men eg helsar engasjement for skulesituasjonen velkomen.

Eg vel å tenke slik at det er bra søknad om friskule kjem no, før vi startar arbeidet med utviding av sentrumsskulen. Kanskje vil vi gjennom denne saka finne betre løysingar og nye argument for kva som gagnar elevane i skodjeskulen.

UTTALE FRÅ VENSTRE:

Skodje Venstre er positive til at det kan bli gjeve godkjenning til etablering av ein
privat grunnskule i Skodje kommune. Visjon om større mangfald og valfridom for å gi elevar og foreldre høve til eit best mogleg undervisningstilbod utifrå deira ønskjer og behov ligg i botnen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**