– Nye bussprisar spenner bein under togtilbodet

Neste år vil det kosta 34 kroner å ta buss same kvar ein skal i Hordaland. Venstre-politikar fryktar dei nye prisane vil spenna bein under togtilbodet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Med same pris på bussen i heile fylket må NSB gjere lokaltoget til ein del av kollektivtilbodet, ellers tapar dei i konkurransen. Det meiner Kjell-André Johannesen i Arna Venstre.

Med same pris på bussen i heile fylket må NSB gjere lokaltoget til ein del av kollektivtilbodet, ellers tapar dei i konkurransen. Det meiner Kjell-André Johannesen i Arna Venstre.

Frå februar neste år blir det innført ei sone for buss i heile Hordaland fylke, vedtok fylkestinget på møte i midten av denne månaden. Bakgrunnen for dette er at fylket i dag har 370 takstsoner, medan det om sju månader blir ein felles pris uansett kor langt ein reiser med buss i fylket. Einaste avgrensing er at billetten gjeld for ei maksimaltid på to timar.

Med ein slik pris vil det berre kosta nokre kroner meir å ta toget i staden for buss mellom Arna og Bergen, medan det til dømes vil kosta om lag 150 kroner meir å ta toget frå Bergen til Voss i staden for buss.

For å finansiere dei auka utgiftene skal prisen på enkeltbillett og rabattsystemet vurderast. Heile ordninga skal evaluerast første halvår 2016.

Kattepine for NSB
Venstre utgjer ein del av trepartialliansen som styrar fylket, og Venstre-politikaren Kjell-André Johannessen tykkjer alle tiltak som får fleire til å bruka kollektivtilbod er bra. Men no fryktar han konsekvensane for togtilbodet.

— Høgre, Frp og Venstre har no sett NSB i ein skikkeleg kattepine. Det spenner bein under heile grunnlaget for tilbodet mellom Bergen og Voss. Når ein slepp unna med 34 kroner med bussen, trur eg ikkje det er så mange som vil ut med 189 kroner frå ta toget frå Bergen til Voss. Dei tre partia kan neppe ha tenkt særleg over denne problemstillinga.

— No har ikkje NSB anna val enn å redusera prisen kraftig eller satsa på at folk er villige til å betala ein god del meir for å koma litt raskare fram. Dette bør få NSB til å samarbeida på overgangar mellom buss og tog, så håpet er framleis at vi kan nå målet om einingstakst på heile kollektivtilbodet i Bergen kommune, seier varamedlem til bystyret, Kjell-André Johannessen.

Les heile saka på side 3 i Bygdanytt tysdag 24. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**