Hev ambisjonane!

Høgres fylkesleiar Arve Mjømen forsøker i Firda 12/7 å sjå framover, etter at den blå-blå regjeringa varslar kutt i inntektene til Sogn og Fjordane med 230 mill kr pr år.

Mjømen skal ha for forsøket. Men bodskapen hans er forunderleg passiv. Han skriv at vi “..må stikke fingeren i jorda og erkjenne kven vi er” (Underforstått: vi er få og små), at vi “..framleis får meir pengar enn dei fleste for kvar innbyggar” (Underforstått: pengar er noko staten i Oslo har og vi andre får), og at Bjørn Lødemel si manglande blenkjing på den nasjonale politikar-himmelen må sjåast i lys av at “..vårt fylke har berre 4 av 169 stortingsrepresentantar”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo

Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo

Samstundes ber han oss om å ta det roleg, fordi Høgre sitt fylkeslag har besøkt Statsministeren og hatt eit “..konstruktivt dialogmøte”. Vidare dreg han fram gruvedrift med nedsprenging av fjell og dumping av gruveavfall i fjorden som einaste konkrete døme på ny næringsverksemd som skal løfte fylket.

Summen av dette gjer oss alt anna enn rolege.

Skal fylket vekse, kan vi ikkje stå med hua i handa. Vi kan ikkje godta ein logikk som seier at dei som sit på definisjonsmakta i Oslo eigentleg er ganske snille med oss, og takke og bukke for det. Og vi må ha heilt andre ambisjonar for samfunnsutviklinga enn å vere ein av dei siste stadane på jorda der gruveselskap får dumpe avfall i naturen.

Kort sagt: Vi må heve ambisjonane. Vi må syne potensialet vårt, og gjere Sogn og Fjordane interessant og relevant nasjonalt. Her er fem framlegg til kor vi bør spisse innsatsen for å skape framtidsfylket Sogn og Fjordane:

Skule først
Sogn og Fjordane har oppsiktsvekkande gode skuleresultat, og ein høgskule som lukkast på nasjonalt nivå. Ein god skule er Sogn og Fjordane sitt konkurransefortrinn nr 1- vi er skulefylket resten av Noreg kan lære av. Vi bør i kuttrundar som no står føre prioritere skule beinhardt: Ikkje fire på kvaliteten i grunnskule og vidaregåande skule, og slå ring om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Med ei regjering som vil satse på kunnskap, bør det gi nasjonal gjennomslagskraft.

Bli fornybarfylke nr 1
Ingen andre regionar har like store fornybar-ressursar som Sogn og Fjordane. Det viktigaste næringspolitiske grepet vi kan gjere no, er å spisse ressursane inn på å posisjonere oss som fornybarregion nr 1 i Noreg – med utdanningstilbod, FoU-miljø, førsteklasses rammevilkår for fornybarindustri og pilotanlegg for fornybare energiløysingar.

På same måten bør vi velje rein matproduksjon framfor kortsiktig naturøydelegging: Ein landbrukspolitikk som gir rom for lønsamt, miljøvenleg landbruk i heile landet, og tydeleg prioritering av fjordar og hav til fiskeri, ikkje gruvedumping.

Utflytting av statlege kompetansearbeidsplassar
Oppbygginga av statlege kompetansemiljø i Sogndal/Leikanger og Førde har vore vellukka. Venstre har no fått gjennomslag på Stortinget for ny utflytting av statlege arbeidsplassar, etter åtte års raudgrøn tilstand. Då må Sogn og Fjordane vere på ballen. Vi må ha ein tydeleg og samordna strategi – og nytte statlege kompetanseamiljø som vekstmotor i alle deler av fylket. Ikkje minst for å gjere fylket attraktivt for unge, utdanna kvinner.

Nye og sterkare kommuner
Ein kommunereform står for døra. Ein kan sjå det som eit trugsmål – eller som ein muligheit. Vi er overtydd om at vi står oss best på å fornye kommunestrukturen radikalt: Å gå frå dagens 26 kommuner til 4-7 kommuner som kvar utgjer eit funksjonelt bu- og arbeidsmarknadsområde. Desse nye kommunene vil vere store nok til å ta til seg makt, oppgåver og kompetansemiljø frå stat og fylke – det vil kunne bli grunnmuren vi i dag manglar for å skape eit fylke med vekst.

E39, fiber og Stad Skipstunnel
Ikkje på nokon annan sektor har dei blå-blå løfta floge lausare enn innanfor samferdsle. Vegpengar skulle risle ned over fylket berre Bjørn Lødemel fekk E39 til si heimkommune Hornindal. No er katta ute av sekken. Alle ser kor lite som er att av Lødemel sine fagre samferdsleløfte. Tida inne for klare prioriteringar – som vi må setje alt inn på å få gjennomslag for nasjonalt. Tre saker bør då løftast fram særskilt: E39, Stad Skipstunnel og fiberutbygging. Det er framtidas viktigaste infrastruktur for Sogn og Fjordane. I tillegg ventar vi i spenning på Lødemel sine lova 200 statlege mill til Kystvegen – det vil få Venstres støtte når Lødemel leverer.

Alle desse punkta er drivarar for vekst – ikkje ut frå at vi i dag er “få og små”, men ut frå ein ambisjon om at vi har kvalitetar i fylket til å bli best på utvalde område. Vi har stor tru på at eit borgarleg fleirtal på Stortinget er i stand til å skape vekst betre enn eit raudgrønt styre, men det krev ambisjonar og vilje til å ville spele i nasjonal førstedivisjon.

Her har Venstre ei avgjerande rolle å spele. Det er ikkje alltid storleiken det kjem an på, verken for eit fylke eller eit politisk parti. Det er viljen og evna som tel.

Gunhild Berge Stang, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre
Alfred Bjørlo, sentralstyremedlem i Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**