Gründerløft hastar

– Betre vilkår for verdiskaping skal prega regjeringas første budsjett. Det skal ikkje vera tvil om at ei borgarleg regjering skal skapa betre vilkår for vekst. Difor er dette tydeleg slått fast i samarbeidsavtalen mellom Venstre, KrF og regjeringspartia, skriv Terje Breivik i Dagens Næringsliv.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Av Terje Breivik, nestleiar og finanspolitisk talsmann i Venstre

 GIR MARSJORDRE: Sjølvstendig næringsdrivande må få betre sosiale rettar, skriv Terje Breivik.

GIR MARSJORDRE: Sjølvstendig næringsdrivande må få betre sosiale rettar, skriv Terje Breivik.
Foto: Bård Ek

Floskelen er gamal. Likevel er den rett: Verdiskaping i dag sikrar velferda i morgon. Å gjere det enklare å starte og drive ei bedrift er noko av viktigaste vi politikarar kan gjere for å utvikle velferdssamfunnet. Alltid, og særleg med tanke på at entreprenøraktiviteten i Norge er på sitt lågaste sidan 2007 (Global Entrepreneurship Monitor). Difor er samarbeidsavtalen utforma som ei marsjordre til regjeringa: «Samarbeidspartiene bygger sin politikk på at verdier må skapes før de kan deles. Verdiskapingen skal stimuleres i hele landet.»

Lågare aktivitet
Gründeraktiviteten i Norge var på 9,3 prosent i 2005. I 2013 er den på 6,3 prosent. Ulike næringsministrar frå Arbeiderpartiet har gjennom dei siste åra unnskyldt seg med tomme verktøykasser i næringspolitikken. Like sikkert røysta dei raudgrøne partia ned alle gode forslag for å gjere liva til gründerane og dei minste verksemdene våre enklare.

Eit vedtak i Stortinget før sommaren gjer at vilkåra for gründarar, enkelpersonføretak og småbedrifter skal betrast. Venstre fekk breitt gjennomslag for ein gjennomgang av vilkåra for dei små bedriftene. Eg tek for gitt at det breie fleirtalet i Stortinget gjer at regjeringa og næringsminister Mæland kjenner at ho har dårleg tid. Stortinget er overmodent for å vedta konkrete forbetringar.

Her er TRE forslag som bør på plass snarast.

1. Betre tilgang på kapital
Mangel på risikokapital er det største hinderet for gründerar og nystarta verksemder. Staten skal ikkje kasta pengar etter folk som har en god idé, men det er heva over tvil at me med fordel kan bruka både skatteincitament og offentlege såkornfondmidlar langt smartare enn i dag.

Staten må motivera investorar til å satsa i dei første, svært risikofylte fasane av forretningsutviklinga. Deler av denne risikoen bør staten ta på seg, og to grep er viktig.

Skattelette: For hver tikroning ein privat investor plasserer i ei gründerbedrift, bør investoren få to kroner att på skatten.
Pre-såkornfond: Allerede i dag eksisterer det private fond som kan gje gründerbedrifter kapital. Staten bør doble desse fonda slik at kvar private krone utløyser ei offentlig krone. Fondet bør vera på 500 millionar kronar.

2. Lag mikro-AS
Eg møter stadig bedriftseigarar og gründerar som med rette meiner at fordyrande og byråkratiske reglar er ein hemsko for utviklinga av bedrifta. Dagens regelverk er i prinsippet det same enten ein er enkeltmannsføretak eller storkonsern. I EU vart mikroregnskapsdirektivet vedteke i 2012. Selskap med omsetjing under 5,6 mill. kr har høve til å ha rekneskap etter forenkla reglar og med svært få noteopplysningar. Selskap som fell under regelverket treng heller ikkje utarbeide årsberetning.

Norge, som EU, må snarast få reglar senkar tersklane for å omgjere personlege selskap til AS og som gjer at små AS kan drive verksemda si etter eit forenkla regelverk som reduserer kostnadane.

3. Betre sosiale rettar
Over fleire år har Venstre pressa på for å betre vilkåra for sjølvstendige næringsdrivande. Dei er ein draum som borgarar og skattebetalarar. Dei betalar meir i skatt enn lønsmottakarar med same løn, skapar verdiar, dreg inn meirverdiavgift, tek all risiko og er sjølve ansvarlege for sjukeordningar, forsikring, pensjon og eige økonomisk tryggleiksnett i nedgangstider.

Status er: Sjølvstendig næringsdrivande får 65 prosent av eige løn under barselpermisjon, i pleie og omsorgspengar ved sjukdom under svangerskap, og i sjukepengar knytt til eigen sjukdom. Enkeltpersonsføretak har heller ikkje krav på sjukepengar før den 17. dagen etter at dei vart sjuke (ventetid). Dei har ingen rettar når det kjem til reglane om yrkesskade og yrkessjukdom, men dei kan teikne frivillig yrkesskadetrygd. Næringsdrivande opplever heller ikkje at oppdragsgjevar eller andre teiknar yrkesskadeforsikring for dei, men må i tilfelle gjere det sjølve.

Med eit nytt fleirtal på Stortinget er tida inne for å gje sjølvstendig næringsdrivande monaleg betre sosiale rettar. Det fortenar dei, og det fortenar framtida til velferdssamfunnet.

Verdiskaping og entreprenøraktivitet er heilt avgjerande for Norge. Små og mellomstore bedrifter utgjer ryggrada i norsk næringsliv og verdiskaping. Over 90 prosent av bedriftene i privat sektor har under 10 tilsette. Alt vi gjer for å betre vilkåra for dei små og mellomstore, kjem resten av næringslivet til gode. Det som er bra for dei små, er nesten alltid og utan unntak òg bra for dei store. Det er ikkje nødvendigvis motsett.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**