Velkomen til opne medlemsmøter i Bergen Venstre

Vil du møte Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn? Vil du diskutere borgarløn? Eller vil du skrive politiske fråsegner til Hordaland Venstre sitt fylkesårsmøte? Då bør du ta turen til eit av dei komande medlemsmøtene i Bergen Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn er ein av dei du kan møte på Bergen Venstre sine medlemsmøter den komande månaden

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn er ein av dei du kan møte på Bergen Venstre sine medlemsmøter den komande månaden

Bergen Venstre inviterer til medlemsmåndag kvar veke i våre kontorlokaler.

Dette er eit politisk forum som er åpent for alle medlemmer der vi diskuterer ulike tema med våre politikarar og partifeller. Tidvis har vi eksterne innleiarar. Møtene er uformelle, utan krav til forkunnskapar eller engasjement utover ein politisk interesse for partiet Venstre.

Møta finn stad i andre etasje på St. Jakobs plass 9 i Bergen, kl. 19:00. Vi stiller med kaffe og tørre kjeks dersom du stiller med godt humør og gode diskusjonar.

Program januar/februar:

19. jan. Ny på årsmøte i Bergen Venstre med Julia Kristoffersen
Laurdag 24. januar skal Bergen Venstre har årsmøte. Nestleiar i Bergen Venstre, Julia Kristoffersen, kjem på medlemsmåndag og fortel om korleis eit årsmøte blir gjennomført.

26. jan. Før fylkesårsmøtet – fråsegnverkstad med Stian Skår Ludvigsen
Leiar i Bergen Venstre, Stian Skår Ludvigsen, leier ein workshop om politiske fråsegner. Kva bør vere med, korleis skal dei skrivast? Kva bør Hordaland Venstre meine noko om?

02. feb.Lobbyisme og påverknad med Sveinung Rotevatn
Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn innleier om lobbyisme og påverknad. Korleis arbeider ulike interesser opp mot stortingspolitikarane, og korleis kan Venstremedlemer bruke stortingsgruppa vår?

09. feb.Borgarløn med Nanna Kildal
Nanna Kildal er forskar ved Rokkan-senteret og Redaktør for Tidsskrift for velferdsforskning. Ho kjem til medlemsmåndag for å snakke om borgarløn.

16. feb.Politisk rekneskap for Bergen Venstre med Erlend Horn
Bystyrerepresentant og førstekandidat ved årets kommuneval, Erlend Horn, fortel om kva Bergen Venstre har arbeidd med og fått gjennomslag for i inneverande periode.

Vi håpar vi ser deg på eitt eller fleire medlemsmøter i tida som kjem!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**