Nominasjonslista

Bø Venstre stiller med ei sterk og variert liste ved valet i 2015. Her er lista med ein kort presentasjon av dei ulike namna.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


1. Olav Kasland (1961) er ordførar i Bø og fylkestingsrepresentant sidan 2011. Bø formannskapet sidan 2007. Han har permisjon frå stillinga som regiondirektør i Forbrukerrådet. Han har i hovudsak yrkeserfaring frå offentleg sektor og frivillige organisasjonar. Han har arbeidd m.a. som Nav-leiar/ kommunalsjef i Notodden og Hjartdal, generalsekretær i Mental Helse, utanlandssjef og prosjektleiar i Landsforeningen for hjerte og lungesyke (LHL), Norges og internasjonale Røde Kors, Bærum kommune og Oslo kommune. Gift og har to barn.

2. Kristin Ødegård Vestgarden (1960) har vore politisk aktiv dei siste fire åra og har denne perioden fyrst vore leiar for Utval for helse og oppvekst, og nå for Utval for helse og velferd. Ho arbeider på Høgskolen i Telemark, Bø. Ho har i alle år vore aktiv i Bø ungdomslag og har engasjement og interesse for kulturlivet og frivilligheiten i kommunen. Gift, to jenter på 15 og 18 år.

3. Olav Lahus (1968) er leiar i utvalet for Oppvekst og kultur og har fokus på eigarstyring og skuleutvikling. Til dagleg er han seksjonssjef i Statens vegvesen med prosjektering og bygging av bruer, etter mange år i privat sektor i Trondheim, Stavanger og Oslo. Han har i mange år vore aktiv i Skarphedin Handball som styreleiar, trenar og spelar. Gift, to tenåringar i huset.

4. Evy Beate Tveter (1975) underviser ved Høgskulen i Telemark. Ho er oppteken av skule og utdanning, og har dei siste to åra sitte som vara i utvalet for oppvekst og kultur. Evy Beate er opprinneleg frå Eikjabygda, og er nå tilbake der etter å ha budd andre stader i mange år.

5. Geir Sønstebø (1951) er leiar i Utval for plan, teknikk og næring. Motivasjonen for å vere med i politikken er å bidra til å utvikle lokalsamfunnet. Målet er at Bø framleis skal vera ein god stad å bu både for unge og eldre. Han ønskjer å medverke til at vi kan fremme respekt, toleranse og bidra til å dreie samfunnsutviklinga i miljøvennleg retning. Ønskjer å jobbe for at vi ikkje skal ha barnefattigdom og mobbing i kommunen. Seniorrådgiver i KS-bedrift.

6. Bergit Askildt Myrjord (1944) er i denne perioden gruppeleiar for Venstre i kommunestyret og medlem i formannskapet. Ho har langt fartstid i ulike kommunale verv , som leiar i frivillige organisasjonar og faglag innan landbruk.

7. Augon Eika (1950) engasjerte seg politisk før valet i 2011 – mest med ønske om å bidra innafor området frivilligheit med størst fokus på idrett og friluftsliv, barn og ungdom. Han var leiar i Kultur og miljøutvalet fram til omorganisering. Han er nå medlem i Helse- og omsorgsutvalet. Han har arbeidd heile livet i Bø Sparebank — nå Sparebanken DIN — og går etter kvart mot pensjonsalderen, men ønskjer framleis å bidra innafor områda som er nemnt tidlegare. Gift med Mette og har to barn og to barnebarn — busett i Eikjabygda — og står ikkje tilbake for å fortelja at Bø er ein super plass å bu!

8. Heidi Elise Kvale (1980) er medlem i kommunestyret og Utval for oppvekst og kultur. Ho jobbar i Nome kommune som kultur- og idrettskonsulent. Viktige saker for henne er innhald i og gjennomføring av utdanning, mindre byråkrati i samfunnet og å sjå individets makt til å endre verda i eit miljø- og etikkperspektiv.

9. Jon Kvisli (1961) underviser på Høgskolen i Telemark.

10. Tone Fremgård (1970) har tidlegare politisk erfaring som medlem av Teknisk utval i Bø kommune 1999-2003. Ho jobbar som avdelingsleiar ved NAV Arbeidslivssenter på Notodden og er spesielt opptatt av arbeidsliv og næringspolitikk. Engasjert og interessert i idrett og friluftsliv. Gift, oppvaksen i Skien.

11. Berih Ghebremedhin Ghebrehiwet (1978) jobbar i Sauherad Kommune som konsulent i økonomi. Opprinneleg frå Eritrea, kom til Noreg i 2008, gift og har 3 barn. Frihet, demokrati, og felleskap er viktigaste tankar som person. Han har budd i Bø sidan 2009.

12. Oddbjørg Nevestveit (1953) kjem frå Vinje. Ho har budd i Bø i 20 år etter at ho gjekk på gymnaset her. Ho er utdanna vegleiar og faglærar og jobbar på Bø skule.

13. Kjell Stundal (1945) er denne perioden 1. vara til kommunestyret. Han er vel kjent i kommunen som ei av eldsjelene innan korps- og musikklivet i bygda. Han er også leiar i Norsk Bane.

14. Aase Haukaas Gjerde (1967) er tilsett som Instituttleiar ved institutt for økonomi og informatikk ved HiT/AF i Bø. Ho er utdanna advokat. Er opphavleg frå Ulvik i Hardanger, gift og har to barn. Politiske interesseområde: skule, utdanning, barn og unge. Ho er også opptatt av næringsutvikling.

15. Niri Kvammen Forberg (1994) er styremedlem i Telemark Unge Venstre og har vore styremedlem i Bø Venstre. Studerer statsvitskap ved NTNU. Har tidlegare sitte som elevrådsleiar på Bø VGS i to år og vore varastyremedlem i Skarphedin Fotball. Lokalpolitisk spesielt opptatt av at unge skal få kunne delta i forskjellig organisera aktivitet trass i eventuell vanskeleg økonomisk situasjon, samt at ein hegnar om naturen i Bø.

16. Halvor Kleppen (1947) var politisk aktiv i Unge Venstre frå 1963-72, men arbeidet som journalist i NRK og TV Norge gjorde det uråd å arbeide med lokalpolitikk. Har heile livet vore busett i Bø og jobba over 15 år med Bø Sommarland. Er nå forfattar og idrettshistorikar og for tida mest opptatt politisk med å framsnakke prosjektet "Storkommunen Midt Telemark" og kulturkommunen Bø. Ferdig med journalistisk arbeid, og har sagt ja til å stå på lista til Bø Venstre.

17. Anita Cecile Kirkevold (1969) er Vestfoldjente og har budd dei siste 15 åra i Bø. Ho er prosjektleiar for Midt-Telemark Vannområde og har brennande interesse både for vatn og landbruk. Ho meiner at dersom vi skal nå måla om auka matproduksjon i Noreg, og samtidig nå målet om god økologisk tilstand i vatn og vassdrag, er vi heilt avhengige av å stanse nedbygginga av jordbruksarealet og auke løyvingane til miljøtiltak i jordbruket.

18. Knut Eirik Hult (1973)er musikkinteressert miljøarbeidar/lærarstudent, opphavleg frå Froland, men busett i Bø. Han er spesielt oppteken av skule, miljø og kultur. Stolt far til ei jente på snart 8 år.

19. Hilde Risan (1966) er medlem i Rådet for funksjonshemma, og ho er styremedlem i Bø Venstre. Ho har tidlegare og hatt mange verv i ulike organisasjonar. Ho har stor interesse for friluftsliv og hundehald.

20. Mattis Willms (1978) er adm. dir. i Bø Sommarland og har tidlegare jobba med leiing i forskjellige bedrifter i reiselivssektoren. Han har også jobba meir enn ti år med barn og unge, både på heil- eller deltid. Han er nyinnflytta frå Oslo, men har vore tilknytta Bø dei to siste åra. Han er spesielt interessert i oppvekst- og utdanningsvilkår og bedriftspolitikk og meiner at regionen har eit stort potensiale for befolkningsvekst.

21. Kim-Bjørn Jensen (1962) er født og oppvaksen i Roskilde, Danmark, og har budd i Noreg samanhengande frå 1994, bl.a. på Rjukan, i Oslo og i Bø sidan 1999. Systemutviklar. Han har ingen tidlegare partipolitisk erfaring, men har breid politisk interesse. Gift, 1 dotter.

22. Hæge Straand Sunde (1941) er tidlegare rektor på Folkestad skule. Ho vil arbeide for at skulane i Bø får ressursar slik at det blir tid til å gje kvar einskild elev oppfølging og hjelp. Ho er og oppteken av å ha ekstra omsorg for uorganiserte barn og ungdom.

23. Sigmund Anders Kvammen Forberg (1995) er student ved Norges Idrettshøgskole. Han er opptatt av det skal vera eit godt kulturtilbod i bygda, og at vi har eit aktivt og livleg sentrum.

24. Birger Risnes (1935) er høgskuledirektør emeritus , med eit tidlegare arbeidsfelt innan planlegging av høgare utdanning og regional / lokal forsking i Telemark. Han er særleg interessert i å stø opp om og utvikle nynorsk språk og kultur og for politisk desentralisering.

25. Halvor Gåra (1946), pensjonist, tidlegare lektor og bonde. Han er interessert i kultur, idrett og friluftsliv, og har hatt styreverv dei siste åra i Bø turlag og Bø løypelag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**