Valprogram for Sogn og Fjordane Venstre, Fylkestingsperioden 2015-19

E.Rotihaug

Folk først i Framtidsfylket Sogn og Fjordane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 

Innleiing
Venstre vil ved fylkestingsvalet 2015 gjere ei klar prioritering: Ungdom først.

Vi vil gjere politiske vegval i neste valperiode for å nå eit mål om 25.000 fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane i 2050 enn i dag – med 20% større ungdomskull. Det krev ei radikalt ny tilnærming til utviklinga i fylket – og tydelege prioriteringar.

Venstre vil i fylkespolitikken stå for ein alternativ politikk til både dagens maktkoalisjon i fylket og til regjeringskoalisjonen nasjonalt. Venstre trur ikkje at verken raudgrøn konservatisme eller blåblå turbokapitalisme er løysinga for å skape vekst i Sogn og Fjordane.

For å nå målet om 25.000 fleire innbyggjarar i 2050, vil Venstre satse systematisk på dei områda der Sogn og Fjordane har spesielle fortrinn – som samtidig “treff” trendar og utviklingstrekk nasjonalt og internasjonalt i åra framover. Det er:

Skule, utdanning og gründerånd. Skulen i Sogn og Fjordane er av dei beste i landet. Det er eit fortrinn Venstre vil utvikle vidare. Utdanning er nøkkelen til vekst, nyskaping og tilflytting. Koblinga skule/næringsliv må bli sterkare: Vi må utdanne framtidas grunderar — og følgje opp skulesatsinga med også å bli best på etablering for unge menneske i overgangen til arbeidslivet.
Fornybar energi. Sogn og Fjordane har dei største fornybar-ressursane i landet. Dei neste 20-30 åra går verda inn i ein energirevolusjon: Vi skal over til fornybarsamfunnet. I oljealderen kom Sogn og Fjordane sist. I fornybaralderen må vi kome fyrst — det vil utløyse verdiskaping og vekst.
Rein mat. Sogn og Fjordane har eit unikt naturgrunnlag for å levere mat til verda av høg kvalitet til rett pris – frå sjø og land. Rein mat av høg kvalitet og berekraftig utnytting av naturen er verdiar Sogn og Fjordane ikkje må setje i spel – f eks gjennom å bruke fjordane våre som dumpingplass for avfall.

Venstre sine satsingsområde i fylkespolitikken i 2015-19 er:

1. Ungdom først: Bli best i Noreg på skule, oppvekst og etablering

1.1. Vidaregåande skule skal vere Venstre sin topprioritet i fylkespolitikken 2015-19. Vi vil skjerme dei vidaregåande skulane frå kutt i kvalitet, og bygge på dagens skulestruktur dei neste fire åra. Venstre vil ha fritt skuleval innanfor utlyst tilbodsstruktur ved skulane, og vidareføre Hordalandsavtalen.

1.2. Styrke høgskuleutdanninga i Sogn og Fjordane og bygge ut nye tilbod – særleg retta inn mot næringslivet.

1.3. Arbeide for gratis kollektivtransport for barn og ungdom

1.4. Enklare inngangsbillett til første jobb og første bustad for ungdom: Satsing på fleire lærlingar, trainee-program og arbeidspraksis. Invitere kommunar og næringsliv til samarbeid om utbygging av billige gjennomgangsbustader, der fylkeskommunen også bidreg til dette. Systematisk legge til rette for betre integrering av arbeidsinnvandrarar, flyktningar og andre nye fylkesborgarar frå inn- og utland

1.5. Kulturtilbod med høg kvalitet er avgjerande for å trekke til seg unge. Venstre vil ha framleis sterk satsing på kultur og frivillig sektor i fylket. Tilbod retta mot born/unge skal ha prioritet

2. Grøn vekst: Bli fornybarfylke nr 1 i Noreg

2.1. Halde på og bygge opp eigarskap til energiressursane i Sogn og Fjordane

2.2. Fornybar energi og teknologi først i all næringspolitikk. Legge til rette for utnytting av fornybarressursane til lokal verdiskaping, herunder også ny teknologi for betre utnytting av eksisterande energianlegg

2.3. Berekraft skal leggast til grunn for næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

2.4. Mat med høg kvalitet til rett pris frå sjø og land (landbruk og fiskeri) skal vere eit strategisk satsingsområde for Sogn og Fjordane. Deltakarlova (fiskareigd flåte) skal ligge fast.

2.5. Utarbeide ein samla arealplan for fjordane og dei nære sjøområda på kysten. Nei til fjorddeponi/massedumping i samband med Engebø-utbygginga

3. Eit nytt Sogn og Fjordane: Store bu- og arbeidsmarknadsregionar med vekstkraft

3.1. Regionreform og utflytting av statlege arbeidsplassar: Venstre vil ha éin Vestlands-region som overtek oppgåver frå staten og dagens fylkeskommunar. Regionreforma må følgjast av utflytting av minst 500 nye statlege arbeidsplassar til SFj innan 2020. Statlege arbeidsplassar må lokaliserast slik at dei saman med vekst i næringslivet skapar heilskaplege bu- og arbeidsmarknadsregionar med mangfald av arbeidsplassar

3.2. Kommunereform: Venstre vil ha ein kommunestruktur som samsvarer med gode bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det betyr færre kommunar i Sogn og Fjordane med meir makt og fleire oppgåver enn i dag.

3.3. Fiberfylket: Legge ein plan for høgkapasitets breiband til alle innan 2020, i eit spleiselag mellom stat, fylke, kommunar og private.

3.4. Veg: Prioritere vegprosjekt som bygger større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Venstre vil følgje Fylkestinget si vedtekne prioriteringsliste for større investeringsprosjekt på Fylkesvegnettet, med oppstart av Kystvegen som førsteprioritet etter Olden-Innvik. Vi vil i tillegg arbeide for rask realisering av ferjeavløysingsprosjekt på fylkes- og riksvegnettet — i spleiselag der også brukarbetaling inngår.

3.5. Ny næringspolitikk: Kraftige kutt i næringsbyråkratiet. Pengane skal rett til gründeren gjennom skattestimuli, etablerartilskot, såkornmidlar og risikokapital.

3.6. Fly- og sjøtransport: Venstre går inn for å halde på dei fire flyplassane våre i valperioden. Det må framleis sikrast tenlege arbeids- og skuleruter til sjøs der det er nødvendig for å tene busetnad utover i fylket. Farleiene må utbetrast og sikrast for trygg ferdsle til sjøs.

Avrunding
Programmet syner Venstre sine hovudprioriteringar i fylkespolitikken og i enkelte andre saker som sterkt vedkjem utviklinga i Sogn og Fjordane. For politikk på nasjonalt nivå ut over dette syner vi til Venstre sitt Stortingsvalprogram for perioden 2015-19.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**