– Lokalbutikk på nett

Bjarte Heggheim
Foto: Gloppen Venstre

Venstreleiar Bjarte Heggheim vil kjøpe det han treng lokalt, men vil kunne gjere det heime i stova.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

– Det er ikkje handelslekkasje til Førde eller Eid som er hovudutfordringa for handelsstanden i Gloppen. Det er den kraftig aukande netthandelen, og der er lokale forretningar ikkje på bana i det heile, seier leiaren i Gloppen Venstre.

Utfordrar næringssjefen
Han utfordrar nytilsett næringssjef i Gloppen til å ta fatt på problemstillinga:

– Han bør sparke i gang tiltak som kan auke handelesnæringa sin kompetanse til å omstille drifta til kombiløysingar med både butikk og netthandel.

Heggheim er sjølv oppvaksen i ei grend der brødbilen var eit fast innslag ein gong kvar veke. Og brødbilen frakta ikkje berre bakverk, men kom med kassar med varer bestilt på telefon.

– Det gav kjøpmannen større kundegrunnlag og eit konkurransefortrinn. Det same kan bli ein realitet viss ein etablerer lokale variantar av nettbutikk. I mine auge vil det gje lokalbutikken fleire bein å stå på, og dermed styrke driftsgrunnlag og inntening. Eg trur også kundane er villig til å betale for denne ekstraservisen.

– Kva skjer med lokalsamfunna viss alle handlar på nett?

– Det er ikkje snakk om anten eller, men både og. Og den fysiske butikken som møteplass i lokalsamfunnet blir ikkje svekt, seier Heggheim.

Jakte på forbetringar
Han har registrert uttaler frå næringa om at den slit med marginale overskot. I mange familiebedrifter blir det jobba gratis for å halde det gåande.

– Eg registrerer at der er sterkt fokus på å få nytt næringsliv, men tenkjer det er viktig å ta fatt i det som eksisterer i dag og saman finne kva dei kan gjere betre. Og der bør næringssjefen ta initiativ, seier Heggheim.

Han var sjølv på nippen til å kjøpe ein genser frå Moods of Norway på nettet.

– Stryningane har ei løysing klar, i alle fall i ein butikk. Kvifor er det ikkje mogleg å gjere tilsvarande kjøp hos Skinlo eller andre klesbutikkar på Sandane, seier Bjarte Heggheim.

Artikkelen er henta frå Firda, 21.02.15

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**