Generasjonsskifte i Haram Venstre

LPN i Ålesund 7. mars., Haram Venstre

Eg stiller meg til disposisjon fordi eg ynskjer å utgjere ein forskjell i lokalsamfunnet.

-Ordførarkandidat Kristian Stråmyr

Kristian Stråmyr
Kristian Stråmyr

Kristian Stråmyr stiller som Venstre sin ordførarkandidat og er den yngste kandidaten til dette vervet. Stråmyr har trass ein alder av 21 år opparbeida seg mykje politisk kompetanse gjennom mellom anna ungdomsrådet, ymse tillitsverv i Venstre og ikkje minst som vara til kommunestyret. Han studerer for tida ein bachelor i juss og administrasjon ved Høgskulen i Molde, noko som kjem godt med om han får svinge ordførarklubba etter valet. Han er lyttande, og ynskjer å fokusere på ombodsrolla som lokalpolitikar. Dette har han synt fleire gongar når han har stilt aktuelle spørsmål til ordføraren på vegne av innbyggjarar. Eit godt døme på dette er parkeringstilhøve ved Hildrekyrkja som han sette på dagsorden og fellesrådet seinare tok opp att, noko som resulterte i at kommunestyret løyvde 3 millionar kroner til utbetring.

Eit sterkt team

2. kandidat
Håvard Urkedal

Med seg på laget får Stråmyr som andrekandidat Håvard Urkedal. Han er kjend for å ha vore elevrådsleiar ved Haram vgs og nyst avgått leiar i Ålesund og omegn Unge Venstre. Urkedal har vore aktivt med på politikkutforming for Venstre lokalt, og ei av sakene han vil prioritere i lokalpolitikken er å oppretthalde Lepsøy skule og barnehage i neste periode. -Eg meiner at det ikkje er rettvis at denne skulen skal leggast ned før Nordøyvegen er på plass, seier Urkedal.

3. kandidat
Malin Storholt

Tredjekandidaten Malin Storholt er ein engasjert politikarspire som ynskjer å gjere skulen til ein betre stad for elevar og tilsette i Haram. Ho har som representant for lokallaget på fylkesnivå mellom anna slått eit slag for tilpassa undervisning for alle elevar og utviding av ungdomsretten i vidaregåande utdanning.

Vil sleppe fram ungdommen
Venstre sin sitjande kommunestyrerepresentant Ole Johan Høyberg ynskjer trekke seg litt tilbake i neste periode, og opnar for en ung trio på topp. –Eg vil sleppe fram ungdommen som tross alt er framtida til kommunen, seier Høyberg. Vallista har til saman fem kandidatar under 30 år der den yngste ikkje blir 18 før i valåret. I dagens kommunestyre er det eit skrikande behov for fleire ungdommar då der berre er ein fast representant under 30 år, noko politikken ber tydeleg preg av. Vallista er likevel ganske representativ når det kjem til alder, geografisk spreiing og kjønn.

Valliste for Haram Venstre 2015, (revidert 21. mars)

  1. Kristian Stråmyr, f. 1993, Søvik
  2. Håvard Urkedal, f. 1992, Grytastranda
  3. Malin Storholt, f. 1995, Helland
  4. Ole Johan Høyberg, f. 1946, Vatne
  5. Eili Ånadal Arntsen, f. 1975, Grytastranda
  6. Thomas Vadset, f. 1949, Tennfjord
  7. Norunn Wuttudal, f. 1959, Fjørtoft
  8. Amanda Tenfjord, f. 1997, Tennfjord
  9. Geir Atle Sæth, f. 1957, Brattvåg
  10. Elise Remme Reitan, f. 1993, Vatne
  11. Hege Melkvik f. 1975, Tennfjord
  12. Greta Tenfjord, f. 1963, Tennfjord
  13. Nils Edmund Stråmyr, f. 1965, Søvik
  14. Siv Hege Saltnes Klokset, f. 1981, Tennfjord
  15. Karina Stråmyr, f. 1966, Søvik
  16. Marit Ulstein Farstad, f. 1957, Brattvåg
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**