Politireforma er viktig og nødvendig

Venstres og Sveinung Rotevatn vil gjøre det enklere å få dobbelt statsborgerskap her i landet.
Foto: Vidar Helle

Firda har den siste tida levert ei brei dekning av den kommande politireforma, og har kome med skarp kritikk på leiarplass av underteikna og Venstre. Firda er ei avis eg har stor glede av og respekt for, men i spørsmålet om politireforma meiner eg avisa snakkar mot betre vitande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 

Venstres utgangspunkt for politireforma har vore å sikra eit politi som er til stades der folk bur og oppheld seg. Vi ynskjer å få meir godt politiarbeid ut av dei midlane vi brukar kvart år. Både 22. juli-kommisjonen og Politianalysen peikar på ei rekke utfordringar det er heilt avgjerande at vi som politikarar tek på alvor. Å la vere å gjere noko med dagens strukturar er rett og slett ikkje eit alternativ. Og å ta til orde for status quo, slik eg opplever at fleire aviser og politikarar i fylket gjer, meiner eg er direkte uansvarleg.

 

Det vert hevda at politireforma bidreg til sentralisering. Mon det. Dersom ein les politianalysen som ligg til grunn for reforma, vil ein sjå at det faktisk er dagens organisering som fører til (utilsikta) sentralisering. Fordi vi har 27 politidistrikt, dei fleste ganske små, vert sentrale organ og einingar lagt til dei største og mest sentrale distrikta i Oslo og Akershus. Og så hentar dei andre distrikta inn bistand frå desse. Det kan i ytste fall føre til ulik rettstryggleik avhengig av kvar ein bur i landet. Venstre meiner kvart einskild politidistrikt må vere slagkraftig nok til å etterforske og handtere også dei meste kompliserte sakene. Då er det rett og slett heilt nødvendig å få større og sterkare distrikt rundt omkring i heile landet. For vår del: At Sogn og Fjordane politidistrikt og Hordaland politidistrikt samlar kreftene i nye Vest politidistrikt.

 

Samstundes ønskjer vi eit politi som er tydeleg til stades i både by og bygd. Difor er det tydelege krav til responstid i reforma, noko fleire politileiarar i fylket har uttala at vil måtte føre til fleire politifolk enn i dag, ikkje færre. For tettstadar med mellom 2000 og 19.000 innbyggjarar, blir det krav om ei responstid på 15 minutt i halvparten av førespurnadane til politiet, og 30 minutt i 80 prosent. På mindre plassar enn dette, blir kravet 22 minutt i halvparten og 45 minutt i 80 prosent av hendingane. Skal vi klare desse ambisiøse krava, treng vi fleire politifolk i Sogn og Fjordane. Det legg stortingsfleirtalet opp til, både gjennom reforma og gjennom årets og komande statsbudsjett.

 

Eg legg også merke til at reforma vert teke toleleg godt imot av fleire av politileiarane i fylket vårt. Til Fjordenes Tidende 20. februar seier regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum: «Jeg tror at vi etter denne reformen skal klare å gi et bedre polititilbud enn i dag». Til Bergens Tidende 16. februar seier leiar i Politiets Fellesforbund Sogn og Fjordane, Kjetil Drange: «For Sogn og Fjordane er løsningen å rette blikket sørover. Vi må dra nytte av stordriftsfordeler og de sterke fagmiljøene som finnes i Hordaland».

 

Og til Firda Tidend 21. februar, seier Gloppen-lensmann Nils Ove Roset: «Eg har heile tida meint at det vil vere lurt å slå saman politidistrikt for å spare pengar på administrasjon (…) for meg er det det same kvar administrasjonen ligg (…) det som er viktig for oss er at vi får ein betre kvardag og kan yte betre tenester til publikum. Det er det som er målet med denne reforma».

 

Politireforma handlar likevel om meir enn talet på politidistrikt. Sjølv om større politidistrikt vil føre til at vi får solide kompetansemiljø over heile landet, skal vi hugse at for dei fleste er det ikkje dei store sakane som gjer at dei treng å ha kontakt med politiet. Handsaminga av ei små sakane – til dømes eit sykkeltjuveri eller ei knust vindaugsrute – kan vere vel så viktige for tilliten til politiet som at vi vinn kampen mot menneskehandel og nettsvindel. Difor seier vi i avtalen om politireforma at også kvardagskriminaliteten skal prioriterast, og at politiet ikkje skal leggja bort sakar med kjend gjerningsperson, med mindre det er særskilde årsaker til det. Vidare legg vi opp til at alvorleg kriminalitet som familievald og vald mot born skal priorterast høgare, både kva gjeld etterforsking og førebyggjing. Samstundes skal politiet gjennom reforma sleppe å utføre ein del oppgåver som ikkje krev politimynde, til dømes transport av psykisk sjuke til helsevesenet og tinging av pass.

 

Så til spørsmålet om AMK-sentralen i Førde. 25. februar skriv Firda: «Regjeringspartia og Venstre (…) føreslår å samlokalisere brann, politi og AMK-sentralane på same stad». Dette er feil. Det som er rett, er at ein i politireformen legg opp til at alarmsentralar for politiet skal leggjast slik at dei kan samlokaliserast med AMK-sentralar der dette er hensiktsmessig. Men det ligg inga føring om at dette skal skje i alle politidistrikt. Det ville sjølvsagt ikkje Venstre akseptert. Utan Venstre er det heller ikkje noko fleirtal på Stortinget. Og eg kan seie heilt tydeleg: Å flytte ein flunkande ny og velfungerande AMK-sentral frå Førde til Bergen, som attpåtil ikkje er del av same helseføretak, ser eg som uaktuelt. Og dette er det heller ingen andre som har føreslått.

 

I same avis skriv Firda på leiarplass: «Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre prøver å bagatellisere det som er i ferd med å skje (…), [og har eller] vist seg som ein pådrivar i sentraliseringsprosessen som feiar over hans eige heimfylke og tappar det for ressursar».

 

Nei, eg bagatelliserer ingenting. Eg forsøker å forklare dei tyngste sentraliseringshypokonderane kva som er fakta. Og karakteristikkane som vert nytta om meg på leiarplass i Firda synest eg slett ikkje noko om. Å bli kalla ein pådrivar for å tappe heimfylket mitt for ressursar er like usakleg som det er usant.

 

Eg meiner politireforma vil styrke heimfylket mitt, ikkje svekke det. Det er difor eg støttar ho. Eg og Venstre støttar ikkje politireforma fordi vi har eit eller anna masochistisk behov for å klappe justisminister Anundsen på skuldra. Dei som har fulgt med den siste tida har nok fått med seg at justisministeren kanskje er den siste statsråden Venstre har eit særleg behov for å gje si støtte til.

 

For øvrig meiner eg at eg har stått opp for og jobba for Sogn og Fjordane i møte med resten av Stortinget (og mi eiga stortingsgruppe) der det har vore nødvendig. Då forslaget til ny fylkesøkonomi vart kjent, starta eg og Venstre jobben med å sikre ein tapskompensasjon i det endelege statsbudsjettvedtaket som sikra fylket vårt. Det lukkast vi med, og det føreslåtte inntektstapet vart halvert.

 

Eg står opp for fylket mitt kvar einaste dag på Stortinget. Men i motsetnad til ein del andre, meiner eg ikkje at alle endringar er av det vonde for Sogn og Fjordane. Heller ikkje endringar i statleg forvaltningsstruktur. Dersom eg er overbevist om at ei reform vil gje eit betre tilbod til innbyggjarane i fylket mitt, slik eg meiner er tilfelle med poltitireforma, ja, så støttar eg den reforma.

 

Enkelte ønskjer kanskje at vi stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane skal rope høgt i lokalmedia og «ta kampen mot Oslo-makta» i alle saker, for deretter å gå på eit «heiderleg tap» internt og «leve med» konsekvensane av ei reform. Det er kanskje slik vi har blitt vande med at ritualet skal gå føre seg.

 

Eg meiner vi skal ta dei kampane som er nødvendige for å sikre innbyggjarane i fylket vårt gode tenester. Og vi skal vinne dei. Men å kjempe mot politireforma meiner eg vil vere det stikk motsette; nemleg å sikre innbyggjarane i fylket vårt eit dårlegare politilbod enn resten av landet. Det har eg ikkje tenkt å vere med på.

 

Sveinung Rotevatn (V), stortingsrepresentant

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**