Saka illustrerer at Arbeiderpartiet heng att og at det grøne skiftet lar vente på seg. Folk flest – og store deler av næringslivet – beveger seg raskare framover enn dei gamle, tradisjonelle kreftene som enno styrer både Arbeiderpartiet, Sp og Høgre i Sogn og Fjordane.
Venstre og Arbeiderpartiet er samde om nokre vesentlege punkt. Vi er fellesskapsorienterte, vi vil ha næringsutvikling, industri og arbeidsplassar. Deretter skil vi lag. Der Arbeiderpartiet står fast i gamle løysingar, vil Venstre søkje mot dei framtidsretta og nye løysingane. Vi er ikkje redde for å stille klare krav om at fjorden skal skjermast mot avfallsdumping for å tillate mineralutvinning i Engebøfjellet. Erfaringane viser oss at miljøkrav til næringane og industrien ikkje bidreg til mindre innovasjon og verdiskaping, men meir. I dag ser vi til dømes at krav om tiltak mot lus i oppdrettsanlegg har skapt oppfinnsomheit i næringa. No er oppdrett av leppefisk/rognfisk til bruk i avlusing blitt ei eiga næring, noko som igjen gjev auka marknad for til dømes notvaskleverandørar. Det er grøne næringar og grøn utvikling av eksisterande næringar som vil gi vekst i framtida – både i Sogn og Fjordane og internasjonalt.
Vi ser no ein liten eksplosjon i næringar i fylket vårt som jobbar med og utviklar miljøteknologi; Safe Clean i Høyanger, Norsun og Hydro i Årdal. Hellenes i Førde, ReNorway på Eid, Coast og Lefdal Mine Datacenter i Måløy, Marine Harvest i Florø/Måløy, Septic 24 i Stryn, SFE og Brødrene Aa på Sandane og mange andre. Potensialet for vidare vekst i det grøne næringslivet er enormt – og det er her dei nasjonale satsingane vil kome i åra framover.
Og store deler av næringslivet er allereie «på ballen»: Fiskeri- og havbruksnæringa og reiselivsnæringa seier rett ut at fjordeponi i Førdefjorden ikkje er foreineleg med framtidig vekst i deira grøne næringar. Maritim næring driv aktiv lobbiering for å få nasjonale politikarar til å setje strengare miljøkrav til framtidas sjøtransport – fordi dei ser at strenge miljøkrav vil bli ein konkurransefordel for norske maritime bedrifter.
Sogn og Fjordane Venstre seier ikkje nei til gruvedrift. Rutilen ligg der og kan utvinnast når riktig avfallshandtering er på plass. Vi har no sjansen til å seie ja til ei form for gruvedrift der innovasjon i miljøvenleg avfallshandtering i bergverksindustri kan bli like interessant som produktet som vert utvunne. Arbeiderpartiet vel å seie nei til dette ved å opne for enklaste og billigaste dumpingmetode. Det er ein måte å tenkje på som høyrer fortida – og ikkje framtida til.
Moglegheitene i det nye, grøne næringslivet ligg og ventar på at vi politikarar skal kome etter og gripe dei. I Sogn og Fjordane er desse moglegheitene større enn dei fleste andre stader – på grunn av naturressursane og kompetansemiljøa vi allereie har. Her ligg potensialet til å tiltrekke oss bedrifter, folk og kapital. Her ligg potensialet for vekst i Sogn og Fjordane. Ikkje ved å bli kjend landet og verda over som den siste staden i verda der vi godtar dumping av gruveavfall i sjøen.
Nordic Mining vil som alle næringar som møter krav, seie at dette ikkje vil løne seg. Det er heilt fair. Ei kvar bedrift vil, og må ha lov til, å tenkje på lønsemda i si verksemd. Men ansvaret for å tenkje heilskap ligg hos politikarane. Samspelet mellom politisk vilje og næringslivet sin kompetanse er det som gjev innovasjon, nye miljøløysingar og lønsame og attraktive arbeidsplassar i framtida.
Dette grøne skiftet må kome fort. Sogn og Fjordane har ikkje tid til å vente på at dei trauste fylkeslaga i Ap eller Høgre kjem sigande etter resten av landet. Det raske og naudsynte svaret er eit større Venstre, som torer å sjå framover og tenkje grønt.
Gunhild Berge Stang
Fylkeleiar og fylkesordførarkandidat
Sogn og Fjordane Venstre