– Dette er urovekkande

Tre av sju tilsette ved økonomiavdelinga i Gloppen kommune er sjukmelde. I tillegg sluttar ein økonomikonsulent om få dagar. – Alvorleg, seier Ragnar Eimhjellen i Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

– Situasjonen er vanskeleg, og for stort arbeidspress er ei medverkande årsak til sjukmeldingane, seier rådmann Jan Kåre Fure.
Både økonomisjefen og ein økonomikonsulent har vore sjukmelde sidan midten av februar. Ein annan konsulent ved avdelinga er langtidssjukmeld. Dessutan har ein økonomikonsulent sagt opp og skal i ny jobb i utgangen av mars.

Ragnar

Skulle spare pengar
– Er det arbeidsrelaterte årsaker til sjukmeldingane?
– Det vil eg ikkje gå inn på.
– Etter at tidlegare rådmann Marit Elisabeth Larssen slutta er nesten heile leiinga bytt ut. Er det ei medverkande årsak?
– Det meiner eg ikkje har samanheng, seier Fure.– For stort arbeidspress over tid er ei medverkande årsak. Og i samband med budsjettbehandlinga vart det bestemt atden stillinga som no blir ledig, ikkje skulle lysast ut. Det vi ser no, er til ein viss grad eit resultatav den avgjerda, og vi har no teke konsekvensen av det.

Stillingaer lyst ut som eit vikariat på eitt år, men med opning for fast tilsetting, seier Fure.

Eid tek jobben
Ein konsekvens av sjukmeldinganeer at kommunen ikkje hareigne tilsette som kan sluttførerekneskapen for 2014.

– Vi nådde ikkje den første fristen 15. februar, og no jobbar vi for å finne løysingar som gjer at vi kjem i mål med neste frist som er 15. april, seier Fure.
Han har bede om hjelp frå Eid kommune, revisjonen og andre med kompetanse til å ta ein slik jobb.
– Eid har sagt ja, og vi har også fått positiv respons frå revisjonen. Men kommunale rekneskaper så spesielle at det er vanskeleg for andre å gå inn på kort varsel, seier Fure. Han orienterte om situasjonen i formannskapet torsdag. Der karakteriserte han situasjonensom svært vanskeleg.
– Og eg må berre innrømmeat eg i dag ikkje har full oversiktover kva resultatet for 2014 vil bli, sa Fure.

– Dette er urovekkande.
Vi er avhengige av å ha oversikt overstatus ved årsskiftet og forkvart kvartal. Eg forventar detblir lagt fram. Vi balanserer på ei knivsegg økonomisk, sa RagnarEimhjellen (V).

– Køyr med Eid

– Eid og Gloppen må køyre i gang, så får dei andre hekte seg på.

Dette sa Ragnar Eimhjellen (V) då formannskapet i går drøfta framdrifta i kommunereforma.
– Eid og Gloppen bør sette seg i framsetet for prosessen iNordfjord og halde hendene på rattet, sa Anniken Rygg (H).
I møtet fekk dei folkevalde presentert detaljert og tidfesta framdriftsplan for prosessen iSunnfjord, ein prosess som også inkluderer Gloppen. I Nordfjord skjer det langt mindre:
– Problemet er at vi ikkje kjem i gang, sa rådmann JanKåre Fure.
– Eg har ei kjensle av at Eid og Gloppen er interessert i å komme i gang, elles er det litt meir sitte-og-vente-haldning.Vi må ha klare signal frå alle før påske. Viss ikkje har vi sommarenføre oss utan at vi er komne i gang, sa rådmann Jan Kåre Fure. I Sunnfjord er det lagt opp til at kommunane må seie ja eller nei til å bli med vidare i prosessen innan 1. juli.

Artikkelen er henta frå Firda, 20 mars 2015 (s. 5)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**