Til kamp for miljøkoordinatorane

Daniel Gangeskar , Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Sogn og Fjordane fylkeskommune går ei tung tid i møte etter omlegging av fylka og kommunane sine inntektssystem. Det vert ei strabasiøs og hard tid for fleire, politikarar inkludert. Det vert tøffe, vanskelige val å ta og ikkje minst med harde kutt som skal gjennomførast. Men ein må sjå nærare på i kva sektorar desse enorme kutta skal gjennomførast, og ikkje minst kven desse kutta vil gå utover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Økonomisk vanskelige kutt som desse Sogn og Fjordane står ovanfor vil alltid gå utover nokon. Det vil alltid vere nokon som føler dei fekk ei altfor hard behandling i prosessen av politikarane. Likevel vil eg ta til ordet for, utan å snakke ned viktigheita av andre sektorar, at skule bør verte mest mogleg spart. Eller i alle fall at kutta som skal gjennomførast innanfor skule, vert halde til det minimale botnpunkt so langt som råd og ikkje minst når det gjeld kva ein skal kutte i utdanningssektoren.
Eg har ingen tru på at skule skal få stå hundre prosent urørt i prosessen, men det er heller ikkje det eg tenkjer på. Eg tenkjer på at ein må framleis behalde dei viktige tilboda i skulen som ikkje er lovpålagde. Eit av dei tilboda eg tykkjer fylkespolitikarane må gå inn med nebb og klør for å behalde er miljøkoordinatorstillinga som i dag eksisterer på dei flest vidaregåande skulane rundt om i fylket.
Miljøkoordinatorane er enormt viktige personar i livet til elevane. I retningslinjene som er utarbeidde for miljøkoordinatorar frå 2009 står det: «miljøkoordinatorar skal arbeide kontaktskapande, sosialpedagogisk og førebyggande». Eg har stor uro for alle desse tre områda dersom det vert drastiske kutt i miljøkoordinatorstillinga. Desse oppgåvene kan vere vanskelig å kategorisere, dei går gjerne inn i kvarandre og det kan vere vanskelig for folk utanfrå å få auge på dei. Men lærarane og ikkje minst elevane ser desse oppgåvene og resultata av dei, kvar einaste dag.
Sogn og Fjordane er per dags dato eit av dei fylka med lavast prosent av elevar som droppar ut av den vidaregåande opplæringa i landet. Det er bra, men vi må også stille oss sjølve spørsmålet: kvifor er det slik? Er det på grunn av at vi i fylket har forstått kor viktige utdanning er? Eller er det fordi elevane har ein person i kvardagen som ser dei, lyttar til dei, snakkar med dei om problem utanfor skulen og er der for dei kvar einaste dag?
I media har det i seinare tid vore sett mykje fokus på å auke stillinga til helsesystertilbodet (m.a. i Møre og Romsdal og Florø), fordi ein ser psykiske problem er aukande blant ungdom. Å ha personar å støtte seg til utanom lærarane er viktig, og ein ønskjer auka fokus på psykisk helse og førebygging. Eg tenkjer at å bygge ned det tilbodet elevane i Sogn og Fjordane har på dette området (fjerning av miljøkoordinatorar), vil vere å gå i motsett retning enn elles i landet. Til kva konsekvensar? Det er mogleg å styrke helsesystertilbodet og framleis behalde miljøkoordinatorane.

Fram til 2019 står vi ovanfor vanskelige kutt. Vi står rett og slett ovanfor ein ny kvardag. Og når denne nye kvardagen kjem, vonar eg at miljøkoordinatorar framleis er PÅ kvar enkelt av skulane i fylket og at dei kan fortsette den gode jobben dei gjer med elevane. Vi som politikarar må ta vanskelige val dei neste fire åra, det er ein del av vår jobb. Men lat oss ikkje ta dei feige avgjerslene og kutte alle tilboda som ikkje er lovpålagde berre fordi det er enklast for oss, lat oss heller gå til kamp for miljøkoordinatorane. For å sitere professor Guttorm Fløistad:
«Eit oppvekstmiljø krev langsame personar som har tid»

 

Daniel Gangeskar,
Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre og 4.kandidat til fylkestingsvalet for Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**