Nye kommunar – nye oppgåver

Venstre

Sogn og Fjordane Venstre og Eid Venstre inviterer til ope møte med Stortingsrepresentant André Skjelstad på Nordfjordeid tysdag 28. april. – No har DU sjansen til å gje innspel til kva nye oppgåver kommunane bør få.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Stad: Nordfjord Hotell på Nordfjordeid

Tid: Tysdag 28. april kl. 18:00

 

André Skjelstad er Saksordførar for Stortingsmeldinga om Kommunereformen som no ligg til handsaming i Stortinget (St. Meld. 24 (2014-15) Kommunereformen – Nye oppgåver til større kommuner).

 

André Skjelstad kjem til Eid for å få innspel til kva endringar/forbetringar Stortinget kan gjere med Regjeringa sine framlegg: Kva nye oppgåver er det mulig å gje nye og sterkare kommunar?

 

Møtet er ope for alle. Vi håpar på gode innspel og idear frå engasjerte folk på tvers av parti- og kommunegrenser som vil flytte meir makt ned nærare folk. Du vil her få direkte line inn til han som denne våren skal leie arbeidet med kommunereformen i Stortinget!

– No har DU sjansen til å gje innspel til kva nye oppgåver kommunane bør få.

Møtet startar kl. 18 og er ferdig seinast kl 2030.

 

Vel møtt!

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**