Fylkesutvalet prioriterer to samband aust-vest: E134 og Rv7

pensumbok
Foto: freeimages.com

Hordaland fylkesutval har vedteke å prioritere to samband aust-vest: E134 over Haukeli og Rv7 over Hardangervidda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Eit samrøystes Hordaland fylkesutval har vedteke svar på høyringa til Statens vegvesen om «Utredning om forbindelse mellom Østlandet og Vestlandet» der nasjonale hovudvegsamband mellom landsdelane skal bli prioritert.

I forslaget til Statens vegvesen er E134 over Haukeli og R52 over Hemsedal prioritert som dei to hovudsambanda aust-vest. Fylkesutvalet er samd i at E134 Haukeli må prioriterast som eit nasjonalt hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet. Men fylkesutvalet ønskjer ut frå landsdelsbehova heller å satse på Rv7 over Hardangervidda enn R52 Hemsedal som eit nasjonalt vegsamband aust-vest.

Fylkesutvalet har lagt vekt på E134 over Haukeli fordi med utbygging av ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen, vil E134 Haugesund – Sandvika bli ein tenleg veg for heile området mellom Stavanger og Bergen. På sikt må det byggast ein diagonal frå E134 mot Bergen. Ein slik diagonal vil gje stor trafikk, betydeleg lågare reisetid og kunne gje store regionale effektar i fylket. Når det er aktuelt å gjennomføre ein KVU for aktuelle trasear for E134 Jøsendal – Bergen, må samtlege moglege diagonaltraséar vurderast.

I vedtaket stiller fylkesutvalet seg bak målsetjinga til Statens vegvesen i utgreiinga om å prioritere nasjonale hovudvegsamband mellom landsdelane. Fylkesutvalet understrekar at E39 Stavanger – Bergen, E16 Voss – Bergen og Bergensbanen (Voss – Bergen og Ringeriksbanen) må ha første prioritet i høve til utbygging av vegsambanda aust-vest over fjella.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**