Arena Ulstein

I siste kommunestyret kom Ulstein Venstre med eit kompromissforslag for eit rimelegare Arena Ulstein. Det opprinnelege alternativet blei til slutt vedteke, men her kan du lese heile innlegget Pål Grødahl hadde i saka:

Fellesskap i Ulstein kommune
Ulstein Venstre har eit kompromiss-forslag inne på 170 millionar, minus private midlar og med ein forpliktelse frå dei politiske partia om at vi skal gjere vårt yttarste for å unngå eigedomsskatt i kommande periode.

Venstre har i heile perioden vore for ei utbygging av Arena Ulstein, men eit rimelegare alternativ, då ungane våre treng ein plass å lære og symje og trene.

”Den tyngste børa e ein lett pung!” – sei eit norsk ordtak.

Rådmannens forslag til Arena Ulstein har hatt store, store prosjekteringskostnadar.
Ulstein Venstre forsøkte å begrense forprosjektet for 3 år sida, då det allereie hadde kome 120 % over dei opphavlege vedtekne 4 millionane. Overskridingar i dei rammene vi vedtek politisk, har vi sett gang på gang. Prosjekt utan tilstrekkeleg styring. Til slutt endar vi på prosjekteringskostnadar på 47-48 millionar, opp mot dei opphavlege 4.

Dessverre er Arena Ulstein i den dyre versjonen eit alt for kostbart prosjekt. Eg møter fleire folk i byggebransjen lokalt som riv seg i håret over dei kostnadsdrivande faktorane i prosjektet:

  • 38 meter limtredragere spesialkonstruert og spesialtransportert frå Moelven
  • Spesielle tresortar
  • Plaststøypte søylar
  • Eiga knuseverk
  • 9 meter under taket i idrettshallen

Dette burde fleirtalet i kommunestyret stoppa for lengst.

Ulstein Venstre vil byggje eit politisk fellesskap
Difor foreslår i i Venstre eit godt kompromiss som fleire parti kan bli med på, som sikrar ei bygging av Arena Ulstein.
Ulstein Venstre har i heile perioden kjempa for eit rimelegare prosjekt som vi kunne stått meir samla politisk om. Eit prosjekt som kommunen som utbyggjar kunne styrt, heller enn eit arkitektkontor i Drammen. Det hadde kommunen gjort på ein god måte, og ikkje minst hadde det gjort godt for kommunekassa.

Eg spurte ein ordførar frå Venstre, om han ville kjørt gjennom eit slikt stort prosjekt med eit så lite fleirtal i kommunestyret. Han sa han ikkje ville gjort det, då det bør vere eit bredt fleirtal bak store investeringar, og at han då kunne bli oppfatta som ein ordførar for nokre, og ikkje for alle.

Venstre seier ikkje at ein alle tider skal vere einige politisk, men i ein slik stor sak burde det stått fleire enn to parti bak.

”Der magt hevi rett, hevi retten inga makt” – har Ivar Aasen ein gong sagt.

Kva er så konteksten og det økonomiske bilete for kommunen når høgre og Arbeiderpartiet vedtek denne store investeringa?

  • næringslivet i regionen strevar for tida
  • rådmannen i Ulstein seier at vi allereie manglar 15 millionar på drifta i 2015, og at auka kostnadar også vil kome i 2016 og 2017
  • rådmannen har foreslått eigedomsskatt i to budsjett på rad for å dekkje kostndane på Arena Ulstein
  • fylkesmannen seier at vi må innføre eigedomsskatt om Arena Ulstein byggjast

Det er trist å sjå at vi no er nr 2 på gjeldsstatistikken på gjeld pr innbyggjar, berre slått av Stranda kommune med 6 %

Bekymra innbyggjarar
Folk har kome til meg på Blåhuset og spurt kvifor det må vere så dyrt? Innbyggjarane er bekymra for kva som vil skje med tenestane og avgiftene i kommunen.

  • kva skjer med mor mi på sjukeheimen eller i omsorgsbustaden?
  • Kva skjer med undervisninga til dotter mi som treng støtte i fleire fag?
  • Næringsfolk kjem også og spør; blir det eigesdomsskatt no, på verk og bruk også?

Venstre tar desse spørsmåla på alvor og kan ikkje stemme for rådmannens forslag

Usikre tal
Ja, for tru det eller ei, så er ikkje låneopptaket på 268 millionar heile kostnaden i prosjektet. Etter 10 år er sponsormidlane oppbrukt. Noko som rådmannen har bekrefta vil bety at vi manglar om lag 55 millionar til. Ulstein kommune vil då bruke 323 millionar – minimum – på Arena Ulstein. Denne kostnaden kan skjulast og skyvast over på neste generasjon.

I budsjettet til Arena Ulstein er det lagt inn sal av parkeringsplassar til 10 millionar, men det finnes inga kontrakt på eit slikt sal. Det blir sagt at kommunen har bekrefting munnleg og på e-post om bidrag frå private sponsorar, men Formmanskapet og Kommunestyret har aldri sett noko av dette, og veit heller ikkje om det er nokon vilkår knytt til bidraget.

Lære av næringslivet
Kva gjer næringslivet i kommunen vår når økonomien deira stagnerer?
Strammar dei inn eller brukar dei meir midlar og tek opp store lån?
Hadde vi lært av næringslivet hadde vi stramma inn for lenge sida.

Synd og trist
Det er trist at H og Ap tviheld på eit så dyrt prosjekt som vil bringe gjelda vår til overkant av 1 400 000 000 norske kroner.
Det er også synd at lovnaden frå H og Ap om å unngå å innføre eigedomsskatt blir brote ved at ein tek opp så store lån at kommunen i praksis gjer det vanskeleg å unngå ein slik skatt.

No har ordførarkandidaten til Ap, Magne Grimstad, opna for å ikkje gå mot innføring av eigedomsskatt i neste periode, og då spør eg Heidi Strand, ordførarkandidat frå H: gjer de det same?

Venstre håper representantane frå H og Ap kan tenkje seg om ein gong til for å gå for eit rimelegare alternativ eller eventuelt utsetje behandling av saken til kommuneøkonomien for 2016 og 2017 er meir oversikteleg. Elles risikerer vi kutt i tenestene og høgre avgifter. Fram til no har H og Ap kutta 25 millionar og auka brukarbetalingane med 12,5 millionar, og det ser ut til at det blir meir av det i neste periode. Særleg med eit så stort låneopptak. KOSTRA-tala viser at det ikkje er så mykje meir å kutte før det går alvorleg ut over kvaliteten i tenestene.

Venstre vil byggje billigare for å verne:

  • skule
  • helse- og omsorg
  • unngå eigedomsskatt
  • gje neste generasjons politikarar litt handlingsfridom
  • verne tradisjonen for ein sosial kontrakt i Ulsteinsamfunnet om at alle skal med

Det folket og dei neste folkevalde no arvar etter dette kommunestyret er eit enormt gjeldskrav og sjølvsagt mange nye store bygningar som skal driftast og som treng vedlikehald.

For mange av oss kan auka utgifter bærast, men kva med dei i samfunnet vårt som har litt mindre? Kva med dei som vil miste jobben eller har lav inntekt?

Blir dei med?

Venstre meiner vi må ha med alle!
Venstre ber kommunestyret om ikkje å lesse meir på økonomien vår enn den kan bere. Det er enda ikkje for seint å ta ein realitetssjekk og støtte Venstre sitt kompromissforslag. Då kan vi få eit forslag som fleire parti kan gå inn for, og vi vil ha ein moglegheit til å unngå eigedomsskatt og kutt i tenestene.

Til slutt vil eg minne kommunestyret på Josh Billing sine ord:

”Sett deg ikkje i gjeld om du kan finne noko anna å setje deg i”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**