Radøy kommune og idrettsanlegg

Lesarinnlegg på trykk i Strilen 06.05

Etter Radøy Venstre si oppfatning er det viktig at kommunar engasjerer seg i utbygginga av idrettsanlegg i samarbeid med idrettslag. Kommunestyret skulle i siste møte ta stilling til ei prinsippavklaring knytt til korleis kommunen skulle medverke til realisering av nye anlegg. Då kunne ikkje Venstre røyste for at Radøy kommune går ikkje inn som medeigar i anlegg for idrett, skyting og liknande.

I Strilen si dekning av kommunestyresaka er det alternative framlegget til Venstre uklårt referert og argumentasjonen for det ikkje referert i det heile. Derimot refererte Strilen at Sp åtvara mot at det ville gå utover dugnadsviljen dersom kommunen skal gå inn på eigarsida, men replikkordskiftet, der Venstre forsvara framlegget og Høgre nyanserte biletet Sp teikna, vart ikkje referert (Strilen 2.5). Ei noko ubalansert mediedekning gjer det såleis naudsynt å utdjupe bakgrunnen for framlegget.

Radøy Venstre foreslo følgjande: Radøy kommune vil medverke til realisering av nye idrettsanlegg/oppgradering av eksisterande anlegg. Kommunen kan inngå leigeavtale med idrettslag om anlegg, der tilhøva ligg til rette for det, for å nytte midlar over drifts- eller investeringsbudsjettet til slike anlegg. Det er ikkje ynskjeleg for Radøy kommune å gå inn som eigar eller medeigar av idrettsanlegg, men dersom det vert naudsynt for å kunne realisere anlegg, kan det vurderast.

For det første er ordlyden i Venstre sitt meir positiv enn i rådmannen sitt framlegg som vart vedteke, fordi det vert slått fast at Radøy kommune vil medverke til realisering av idrettsanlegg. For det andre er realitetsforskjellen samanlikna med vedtaket, at det ikkje vert utelukka at kommunen kan gå inn som eigar eller vere medeigar i idrettsanlegg, dersom det er naudsynt for å realisere idrettsanlegg. No ser det ut til at ein greier å realisere ny kunstgrasbane på Bø og nytt kunstgrasdekke i Grønålen på Manger utan noko kommunalt medeigarskap, og det er flott. Dette er glitrande prosjekt som det er all grunn til å rose Hordabø IL og Manger IL for å ha grepe fatt i, og anlegga kjem til å verte til stor glede for mange barn, unge og vaksne.

Prinsippielt å røyste for å utelukke kommunalt eigarskap, heilt eller delvis, til idrettsanlegg kunne likevel ikkje Radøy Venstre, fordi idretten er den største folkerørsla i vår tid og fordi det å leggje til rette for fysisk aktivitet er noko av det viktigaste ein kan gjere for å fremje folkehelse. Her har det offentlege også eit ansvar i samarbeid med idrettslaga. Då må ein vere pragmatisk for å få ting til, og dersom bruk av kommunale investeringsmidlar ved at kommunen heilt eller delvis går inn på eigarsida er det som skal til i gitte tilfelle, er det ikkje klokt å utelukke dette. Poenget er samarbeid og samråd med idrettsrådet og idrettslaga, og då vil ein heller ikkje ta knekken på dugnadsånden. Eit konkret døme som motbevisar påstanden til Sp er turvegen i Manger sentrum, som det er løyvd kommunale investeringsmidlar til, og som kommunen vil stå som eigar av. Der har traséval skjedd i samråd med Manger IL som har engasjert seg, og som også vil bidra med dugnad. Ein positiv utviklingskultur tek ikkje knekken på dugnadsånden!

 

Frode Hervik,

Gruppeleiar, Radøy Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**