Velkommen til lokalpolitisk nettverk i Flåm

Velkommen til regionsamling, Foto: Sfj Venstre

Velkommen til Flåm 6.-7. juni. Dette blir eit skikkeleg Valkamp kick off-arrangement! Meld deg på no.

Dersom du er blant dei som skal delta aktivt i valkampen i år, så bør du få med deg helga i Flåm. Programmet vil vere aktuelt for veldig mange; kanskje spesielt for deg som er lokallagsleiar eller førstekandidat, men også for deg som oppdaterer nettsidene for lokallaget, og for deg som på anna vis har tenkt å vere aktiv i valkampen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Sogn og Fjordane Venstre arrangerer samlinga saman med Hordaland Venstre. Førre fellessamlinga vi arrangerte i Bergen i mars var særs vellukka etter tilbakemeldingane frå deltakarane å dømme. Håpar dermed på å få samla over 60 motiverte og valkampklare deltakarar til ei inspirerande helg denne gangen også.

 

Vi håpar at alle lokallag klarar sende minst éin deltakar!

 

Det vert eigendel på kr 750 pr. delatakar. Samlinga er open for alle som har ei rolle i å bygge organisasjon lokalt og førebu valkampen.

 

Program laurdag 6. juni

12.00.12.15 Registrering

12:15-12.45 Velkommen ved Geir Kjell Andersland

12.45-14.00 Spørsmål og svar i valkampen, ved stortingsrepresentant Terje Breivik

14.00-15.00 Lunsj

15.00-16.00 Stortingsrepresentant Pål Farstad innleiar – tema ikkje fastsett

16.00-16.15 Pause, kaffe og frukt

16.15-16.45 Stand og husbesøk (teori), ved Tove Hofstad (VHO)

16.45-17.30 Praktisk standtrening, ved Gunhild Berge Stang og Tove Hofstad
Deler opp i to grupper. Gunhild og Tove ansvar for kvar si gruppe.

17.30-18.00 Oppsummering av standstrening (og dagen forøvrig) Plenum, ved Tove/Gunhild

19.00 Middag på hotellet Vertskap: Aurland Venstre

21.00 Ægir Bryggeri – åpen pub for oss

 

Program sundag 7. juni

10.00-11.00 Info fra VHO, ved Tove Hofstad

11.00-12.00 Gruppearbeid
– Kvifor skal Venstre søke makt lokalt?
– Korleis skal Venstre få makt og posisjonar i forhandlingar etter valet?
– Gode tips og erfaringar frå tidlegare valkampar.

Deler oss i tre grupper og snakkar om og deler erfaringar, styrt av Alfred Bjørlo, Pål Farstad og Terje Breivik.

12.00-12.30 Oppsummering frå gruppeøkta Plenum.

12.30-12.45 Pause, kaffe og frukt

12.45-13.30 Fylkessekretærane har ordet, ved Gro og Linda.

13.30-14.00 Fylkeslaga møter valkamputvala sine.

14.00-15.00 Lunsj

15.00 Heim og vinne valet.

Det kan komme justeringar i programmet.

 

Prisar/Eigendel: kr 750,- pr. deltakar

Sogn og Fjordane Venstre dekkjer resten for kvar deltakar. Konferansepakke med overnatting i enkeltrom kostar totalt kr 2490.

 

Om nokon ønskjer å reise til Flåm allereie fredag kveld, så gi beskjed til fylkessekretær snarast, som undersøker om det er ledige rom.

 

Påmelding:

Påmelding skjer til [email protected] snarast, og seinast innan onsdag 20. mai.

 

Håpar å sjå mange av dåke i Flåm!

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**