Vil ha fire i kommunestyret

Foto: Gloppen Venstre

Venstre har presentert valprogrammet. Satsar på skule, miljø, næring og fellesskap.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


[Artikkel frå Firda Tidend]

Inneverande periode har Venstre to representantar i kommunestyret. – Det ønskjer vi å doble. Minst, seier listetoppane Ragnar Eimhjellen og Bjarte Gangeskar.

Venstre sin ordførarkandidat er den politiske ringreven Ragnar eimhjellen. Han stiller til val for sin femte periode. Då er det annlei for andrekandidaten Bjarte Gangeskar. I denne samanhengen er han førstereisgut.

Motivert
– Eg gledar meg til valkampen. Dersom eg ikkje hadde vilje, energi og lyst, ville eg sagt nei til å vere førstekandidat og heller nyte mitt otium som pensjonist, seier Ragnar Eimhjellen.

Bjarte Gangeskar er meir usikker på kva som ventar, men gledar seg til å kome i gang. Så langt vedgår han å vere positivt overraska over engasjementet i lokalpartiet som han no skal fronte.

Søndag ettermiddag fekk Gloppen Venstre besøk av stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn. Då var det ope møte på Gloppen Hotell med presentasjon av valprogrammet og debatt der stortingsrepresentanten innleia under temaet “grøn vekst i kommunereformarbeidet.

Sveinung Rotevatn - Studentersamfunnet i Bergen
Satsingsområde

Gloppen Venstre har gjennomført ein prosess som har ført fram til programmet partiet no skal sanke røyster på.

– Vi har fire satsingsområde; Skule, miljø, næring og det sosiale ansvaret, seier Ragnar Eimhjellen. Begge strekar under at Venstre vil framstå som eit ærleg og truverdig alternativ der den grøne tråden bind alt i hop.

– Vi greier likevel ikkje å fange opp alt i eit valprogram, men vi vil vere opne for å tenkje nytt og finne nye løysingar der vi ser heile kommunen under eitt, seier dei.

I formannskapet har Ragnar Eimhjellen klart signalisert at Gloppen må vere ein del av Nordfjord når kommunereforma har vore tema.

Ope sinn
Begge slår fast at kommunereforma blir eit viktig valkamptema.

– Vi må rigge oss for framtida. No skal vi finne ein struktur som skal stå seg i minst 30 år framover frå 2020. Men dette er ei sak med mange sider. Vi vil gå inn i debatten med eit ope sinn der vi også ser kva som skjer rundt oss, seier dei og singaliserer skepsis til å stå aleine.

Søndagsopne butikkar er begge klart i mot, sjølv om moderpartiet er meir opne, og snakkar om valfridom.

– Gløym søndagsope, slår bjarte Gangeskar fast. Han meiner valfridom fort fører til at ingen torer halde stengt når nabokommunen held ope.

Fire i kommunestyret
Alle desse sakene og mange fleire vil kome med full tyngde etter kvart som valkampen startar.

– Kva er Venstre sitt mål ved dette valet?

– Vi har to representantar i dag. Mål må vere at vi minst doblar gruppa, slår dei fast, og at Ragnar blir ordførar, legg Gangeskar til.

Førebels har ikkje Venstre tenkt strategi, hevdar dei. Valresultatet må bestemme kven dei vil søkje samarbeid med. Her handlar det om kjøp og sal av posisjonar.

– Men vi har samarbeidd veldig godt med Senterpartiet i denne perioden, peikar Ragnar Eimhjellen på. Begge er samde om at det blir eit meir spennande val enn på lenge. Kvar står t.d. Senterpartiet med ein ny ordførarkandidat, kjem Samfunnsdemokratane tilbake like sterke, og vil KrF med sin toppkandidat segle opp? Og ikkje minst, kva vil skje med Venstre?

Artikkelen stod på trykk i Firda Tidend, onsdag 13.05.15.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**