Fergeruter i Indre Hardanger

ferge ferje Osterøy
Ole Bull ferge Osterøy, Foto: Kjersti I. Vevatne

På grunn av nye reisemønster i Hardangerregionen har fylkesutvalet endra rutetilbodet for sambandet Kvandal – Utne – Kinsarvik, med verknad frå 1. oktober.

«Vi har sett ei endring av reisemønsteret i regionen etter Hardangerbrua og Jondalstunellen opna», seier gruppeleiar for Venstre si fylkestingsgruppe, Mona H Hellesnes.

«Det er naudsynt å styrke sambandet Jondal -Tørrvikbygd. Her har det vore ei auke i tal køyretøy på nær 24.000 frå 2013 til 2014. Sambandet Kvanndal – Utne – Kinsarvik har hatt ein nedgang på 43.000 i same periode.»

For Venstre var det og viktig at endringa ikkje vart innført midt i turistsesongen med førehandstinga turbussar og dei meirutfordringane endringa ville gitt reiselivsverksemdene i regionen i den viktige sommarsesongen. Difor foreslo vi Ferjetilbodet på sambandet Kinsarvik – Utne vert redusert frå 129 avgangar til 117 avgangar pr. veke. Tilbodet vert altså ikkje fjerna, men tilpassa den trafikken som er på ferjesambandet per i dag.

Sambandet Kvanndal – Utne vert redusert med nokre få avgangar, men vil i hovudsak ha timefrekvens og same opningstider som i dag.

Venstre støtta fylkerådmannen sitt framlegg både i samferdsleutvalet og i fylkesutvalet, men foreslo at endringa skal innførast frå 1. oktober, ikkje 15. august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**