Finn seg ikkje i omkamp

Ragnar Eimhjellen
Ragnar Eimhjellen, Foto: Gloppen Venstre

Dette kan vi ikkje finne oss i. Det er i strid med vedtaket i Samferdsledepartementet, seier Venstre-politikar i Gloppen Ragnar Eimhjellen om eit innspel til Nasjonal Transportplan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Artikkel publisert i Firda Tidend, fredag 5. juni 2015

Statens vegvesen har utarbeidd ein delrapport om E39 Kristiansand – Trondheim med omtale av ulike vegstrekningar, utfordringar og tiltak. Rapporten skal vere ein del av vegvesenet sitt innspel til Samferdsledepartmentet i samband med Nasjonal Transportplan for perioden 2018-2017.

Utfordringar

I dokumentet vert det peika på at den største utfordringa i perioden fram til indre linje er ferdig, er to alternative ruter på strekninga Byrkjelo-Volda som begge har store manglar.

– For fv. 60 Byrkjelo – Stryn vert det vist til vegen over Utvikfjellet og svært dårlige parti på strekninga Innvik-Stryn. Særleg peikar vegvesenet på to korte tunnelar ( til saman 300 meter) med fri høgde på berre fire meter.

Vegvesenet meiner presset på denne vegen vil auke sterkt når tunnelen gjennom Utvikfjellet er, og at han ikke er eigna for tungtransport.

Må oppgraderast

På same måte vert det vist til dårlege parti på strekninga Byrkjelo – Sandane, og på at også Lotetunnelen (3 km) berre har fire meter fri høgd.

– Fram til bru over Nordfjorden ( i indre) vert bygd, må minst ei av desse strekningane oppgraderast til å handtere den aukande trafikken, heiter det i dokumentet. Då er det ei utfordring at begge har tunnelar med fri høgde på berre fire meter.

Vegvesenet rår til følgjande stratagi: Oppgradere fv. 60 Innvik-Stryn til minimum seks meter breidde og 4,20 meter fri høgde i tunnelane.

Grunngjevinga er enkel: Det er rimelegare enn å utbetre dagens E39, heiter det. Fri høgd 4,20 meter i Lotetunnelen vert svært, meiner vegvesenet.

Viser tankegodset

Sjefsingeniør Inge Alsaker forklarer i ei anna sak på denne sida, etter Venstre sin reaksjon, at Vegvesenet sine formuleringar om tiltak på strekninga Stryn-Innvik kan setjast ein strek over fordi statsråden etter at innspelet var utarbeid, har slått fast at dette skal vere fylkesveg.

Ragnar Eimhjellen er likevel opprørt.

– Eg reagerer uansett. Dette viser kva tankar vegvesenet syslar med. Det burde vore korrigert straks, gjerne av statsråden, seier Ragnar Eimhjellen.

Omkamp

Dette kan vi ikkje finne oss i. At det er manglar på E39 er nettopp det vi har peika på held han fram. Ikkje minst peikar han på Regjeringa sitt vedtak om at noverande E39 skal liggje fast heilt til indre linje står ferdig til Grodås, inkludert bru.

– Det kan ikkje vegvesenet hoppe bukk over. Dette ville blitt ein omkamp frå Statens vegvesen si side. Konsekvensen vert jo at fv. 60 vert mellombels E39, og at vegstrekninga Byrkjelo-Sandane ikkje blir rusta opp, seier Ragnar Eimhjellen. Han peikar også på at Sogn og Fjordane fylkeskommune i april vedtok ruste opp den dårlege delen av Innvik-Olden for fleire hundre millionar kroner.

Eimhjellen trur det vil ta lang tid før E39 i indre står ferdig. Nettopp derfor er det viktig å ruste opp eksisterande trasé.

På bana

Eimhjellen meiner Eid og Gloppen må kome på bana straks for å krevje opprusting av vegen Byrkjelo-Eid inkludert Lotetunnelen til 4,2 meter fri høgde i komande NTP-periode. I tillegg må det arbeidast for ferjefritt samband Anda-Lote som eit ferjeavløysingsprosjekt.

– Det vart nyleg kjent at Statens vegvesen har nytta seg av opsjonen til å forlenge eksisterande ferjekontrakt med eitt år og utseje innføringa av 20 minutts avgangar. Nyleg vart det klart av vegvesenet vil reise motsegn mot brufeste på Lote, noko Eid kommune ønskjer i samband med arealplanen. Og no blir vi kjende med kva tankar vegvesenet syslar med. Ser vi eit mønster, spør Ragnar Eimhjellen. Han meiner Eid og Gloppen ikkje må la seg stogge, men stå saman i desse spørsmåla.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**