Vil gjere byrådet grønare

Foto: Jo Straube

Venstre vil ha eit grønare byråd og meir attraktive bydelar, seier Erlend Horn og Kjell-André Johannessen til Bygdanytt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Det stundar mot val, og det synast allereie klårt at mellompartia vil ha mykje å seie for kven som skal styra Bergen frå hausten.

Venstre er klare på at dei er eit borgarleg parti, men vil krevja ein grønare profil for å samarbeida med Høgre og Frp til hausten.

Toppkandidat Erlend Horn (27) på Venstre si liste til kommunevalet i Bergen sit i dag i helsekomiteen, men har også røynsle frå byutviklingskomiteen, der han har vore nestleiar. Kjell-André Johannessen frå Ytre Arna er varamedlem til bystyret og står på 17. plass på lista.

Dersom han skal koma inn på fast plass treng han både ekstrarøyster og at Venstre gjer eit litt betre val i år enn for fire år sidan. Partiet har kumulert dei fem øvste plassane.

Eller så må minst ein av dei kumulerte ta plass i byrådet.

Borgarleg parti
Erlend Horn er krystallklar på at Venstre er eit borgarleg parti som først vil venda seg til dei andre borgarlege partia for å finna eit grunnlag for å styra Bergen dei komande fire åra.

– Men ikkje for ein kvar pris. Vi kjem til å setja klare krav til kvar vi ønskjer den politiske retninga skal gå, og vi snakkar i alle høve om ein grønare politikk og ein betre sosialpolitikk. Mykje av det byrådet har gjort og gjer er bra, men vi meiner det kan bli langt betre med litt meir Venstre-politikk, seier Horn.

Horn, som jobbar som rådgjevar for rektoratet på UiB, nemner det han kallar for dei tre B-ane når det gjeld Arna.

Den eine B-en står for barnehage.

Johannessen tykkjer ikkje det er godt nok at så mange foreldre, både i Arna og andre bydelar, får barnehageplass i ein annan bydel enn dei bur eller jobbar i.

Mindre biltrafikk
– Dette fører til at dei må bruka bil, og det blir det meir kø og meir forureining av. Vi er heilt samde med SV når dei ønskjer nærbarnehagar. For dei som må flytta på seg for å koma seg på jobb eller henta borna i barnehagen, vil vi unngå at dei bruker bil. Skal vi greia å freista dei til å ta bussen, banen eller toget, må kollektivtilbodet bli endå betre, seier Johannessen.

B nummer to er bibliotek.

Dei to tykkjer alle bydelane må ha eit bibliotek, og somme må kanskje ha to. Arna er i den kategorien.

– Det er vel knapt nok nokon som reiser frå Indre Arna til Ytre Arna for å gå på bibliotek. Difor må også Indre Arna få eit bibliotek. Det tyder ikkje at biblioteket i Ytre Arna bør leggast ned. Dette var Venstre med på å redda i samband med budsjettforhandlingane, seier Johannessen.

Bydelsstyra
Den siste B-en står for bydelsstyra.

Venstre vil ha bydelsstyra tilbake, og dei skal ha fleire oppgåver enn berre å dela ut litt kulturmidlar.

– Bydelsstyra må i alle høve også behandla klagesaker innan byggjesak. Komité for miljø og byutvikling har ei enorm saksmengde, så det hadde vore ei føremon også for dei å få litt færre saker å behandla, seier Horn.

Å plassera meir makt hos bydelsstyra er ein naturleg konsekvens av at Venstre vil flytta makt frå Oslo og nedover i byråkratiet.

– Vi seier ikkje at vi skal avvikla fylkeskommunane, men det er naturleg at Bergen overtar ansvaret for kollektivtilbodet. Fylkeskommunen gjer ikkje ein dårleg jobb, men vi er sikre på at Bergen kan gjera ein betre jobb. Det gjeld særleg dersom til dømes fleire av nabokommunane blir ein del av Bergen.

– Ettersom fylkeskommunen ikkje kan flytta pengar frå dei vidaregåande skulane og til kollektivtilbodet, har ein kommune langt meir spelerom. Vi trur kollektivtilbodet vil bli betre på denne måten, og meir attraktivt å bruka, seier Horn.

– Bør det vera folkerøysting om kommunesamanslåing?

– Venstre legg seg ikkje opp i korleis dei ulike kommunane ønskjer å gjera dette. Det greier dei fint å finna ut av sjølve. Men i Bergen meiner vi det ikkje er naturleg med ei folkerøysting om det er greitt at nabokommunane blir ein del av Bergen, seier Horn.

Ungdomsskulen
Dersom Venstre kjem inn i byrådet til hausten, vil det bli ei Arna-sak – minst – det kan bli litt bråk kring.

For medan Høgre og Frp svært gjerne vil ha ungdomsskule på Seimsmyrane, vil Venstre ikkje ha skule her.

– Må vi byggja på den siste større grøne lunga i bydelen? Vi meiner det er ein dårleg ide å byggja skule her, slår Johannessen fast.

Men om Venstre er riv ruskande usamde med Høgre og Frp om storskulen, er dei meir samde med desse to partia enn med partia på venstresida. Eit stikkord her er privatisering.

SV og Ap liker dette dårleg, medan Venstre har ei heilt anna meining om dette.

– For oss er ikkje det viktigaste kven som utfører tenestene, berre at tenestene blir utførte så bra som mogeleg. Er private aktørar rimelegare enn kommunen, bør oppgåva gå til ein privat aktør, slår Horn fast.

Bydelsskjenking
Partiet tykkjer også det er heilt feil at det nesten ikkje er skjenkestader i bydelane, medan nesten alt er lokalisert til Bergen sentrum.

– Vi vil ha både skjenestader i bydelane og vi ønskjer at dei skal få ha utservering. Dermed blir det litt færre i sentrum natt til laurdag og natt til søndag, og det er det berre føremoner med, seier dei to.

– Vil de lova meir til bydelane? Kanskje ei legevakt i Arna, Johannessen?

– Nei, vi kjem ikkje til å prioritera ei legevakt i Arna. Då tykkjer vi det er langt betre å styrka ambulansetenesta. Responstida til Arna ligg over gjennomsnittet for Bergen. Så raskare responstid er viktigare enn ei legevakt, seier Johannessen.

Bybane-bråket
Ei røyst til Venstre er ikkje ei røyst til at eigedomsskatten blir fjerna til hausten. Partiet røysta for å innføra denne skatten, og innretninga han fekk er dei også samde i.

– Når det er er sagt, så vil vi gå inn for å fjerna denne igjen når kommunen sin økonomi er på rett kjøl att. Men akkurat no er det så pass mange utfordringar innan skulebygga at vi treng denne ekstrainntekta, seier dei to.

Og akkurat i det Bygdanytt skal ta nokre bilete av dei to venstrefolka, blir Horn kjend att av ein veljar. Ettersom Horn ikkje er den mest profilerte politikaren i Bergen, er det nok ein venstreveljar som gjerne vil fortelja kvar bybanen bør gå og ikkje bør gå.

Det var bybanesaka som gjorde at KrF gjekk ut av byrådet. Så får tida visa om det blir bybanesaka som gjer at Venstre går ut av eit eventuelt nytt borgarleg byråd.

Artikkelen stod på trykk i Bygdanytt 6. juni

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**