På veg mot det grønne skiftet

Illustrasjon: venimo / creativemarket.com

Flora Venstre inviterte måndag kveld til seminar om det grønne skiftet. Korleis skal næringslivet og politikarar snu seg mot grøn vekst?

Alfred Bjørlo
Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune.

Til å svare på denne utfordringa hadde vi fleire gode innlegg frå politikarar og bedrifter som er på god veg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Venstre har utvikla eit dokument der ein ser føre seg 9 områder ein meiner at Noreg har spesiell god grunn til å kunne ta ein viktig posisjon. Dei 9 områda er: Ein grøn finanssektor, Sjøtransport utan klimautslepp, auka satsing på marine ressursar, fornybar energiproduksjon, grøn biomasse, grøne byar og tettstader, ein grøn industrinasjon, grøn IKT og auka gjenbruk. Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, la fram dokumentet og ga samtidig gode tips til korleis Flora kommune kan syne veg mot det grøne skiftet.

Ein kan lese meir om dokumentet Grøn Vekst og dei ulike satsingsområda her.

Vidare fekk ein høyre korleis Eid kommune sin satsing på Fjordvarmeanlegg no var blitt til spin-off selskapet ReNorway. Ei energisk Anne Van-Oorschot fortalde korleis bedrifta var klar til å satse på eit internasjonalt marknad, og ho streka under at kommunane i Sogn og Fjordane, inkludert Flora kommune trengte eit spark bak for å komme i gang med å snu seg mot det grøne skiftet. Her kan politikarar og kommunen ta viktige grep for å stimulere næringsliv til å komme på banen med grøn teknologi og løysingar.

Subsea er utan tvil mykje meir enn olje og gass. Her er det mulegheiter! Sivilingeniør Trond Strømgren som jobbar i NCE Subsea peika på mellom anna at det er mykje energi i tidevatnet. Lone Bareksten frå Fram Flora la fram dei ulike virkemidla som kan hjelpe gründerar i gang med ei satsing.

Det grøne skiftet handlar også om at tradisjonell industri og verksemder tenker grønt. Korleis kan dei produsere meir av mindre. Dette kunne Ingrid Stavang frå Nor Tekstil sei mykje om. Dei har satt strenge miljøkrav til produksjonen sin og har også satt krav til leverandørkjeda.

Det var ein aktiv forsamling som lytta og stilte spørsmål, det vart gode diskusjonar. Flora Venstre vil jobbe vidare med å legge til rette for det grøne skiftet, og håpar næringslivet i Flora kommune ser mulegheitene som er der.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**