Heile folket i grønt arbeid

Sauda Venstre

Flora Venstre inviterte måndag i førre veke til seminar om det grøne skiftet. Korleis skal næringslivet og politikarar snu seg mot grøn vekst? Til å svare på denne utfordringa hadde vi fleire gode innlegg frå politikarar og bedrifter som er på god veg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Venstre har utvikla eit dokument der ein ser føre seg 9 områder ein meiner at Noreg har spesiell god grunn til å kunne ta ein viktig posisjon. Dei 9 områda er: Ein grøn finanssektor, Sjøtransport utan klimautslepp, auka satsing på marine ressursar, fornybar energiproduksjon, grøn biomasse, grøne byar og tettstadar, ein grøn industrinasjon, grøn IKT og auka gjenbruk. Ein kan lese meir om dei ulike områda på Flora Venstre si webside.
Jens Ulltveit Moe spådde i media sist veke at 100.000 vil miste jobben i oljesektoren dei neste 10 åra. Men han seier samstundes at ingeniørane der vil vere dei som skal bringe oss vidare inn i den nye teknologien, slik det fungerte innan olje og gass der norske ingeniørar tok utfordringa og lykkast den gong.
Fleire bedrifter i Flora kommune er råka av nedskjeringane i oljesektoren noko som vert forsterka av ein låg oljepris som gjer den negative effekten meir synleg. Sjølv om oljen vil vare i 20-30 år til, skjer omstillinga no og vi må ligge i forkant. Det her gjeld Sogn og Fjordane sin muligheit, og der er det naturleg at Flora tek ei leiande rolle. Vi har fleire av dei bedriftene som skal til, vi har tilrettelagt næringsareal og vi har alle naturgitte føresetnadar til å lykkast.
Flora kommune kan på utvalde område leie an i den nye grøne økonomien. Det krev ein samla strategi, tydelege prioriteringar og rask handling. Dei neste 15 åra vil vere avgjerande for om verda klarer å avgrense den globale temperaturauken til to grader. I same tidsrom skal fleire milliardar menneske løftast ut av fattigdom, og verdsøkonomien skal samla vekse med over 50%. Aldri før har det vorte investert meir i ny teknologi og ny infrastruktur enn vi vil sjå verda over dei neste 15 åra.
Samla sett krev dette eit «grønt skifte» i heile samfunnsøkonomien. All vekst må baserast på fornybar energi, auka berekraftig matproduksjon frå sjø og land, klok hushaldning med naturressursar ut frå strenge miljøkrav og kretsløpstankegang. Etterspurnaden etter slike løysingar vil vere enorm på globalt nivå. Regjeringa varslar at Noreg skal møte utviklinga med å blinke ut rask omstilling til ein ny, grøn økonomi som ein nasjonal strategi. All nasjonal politikk vil i åra framover verte retta inn mot å dyrke fram og stimulere dei nye, grøne næringane som skal ta over sysselsetjing og verdiskaping etter oljen, og dei nye teknologiske løysingane eit framtidig klimanøytralt, petroleumsuavhengig samfunn skal byggast på.
Kva betyr dette for Flora kommune? Kort summert: Det er ein stor sjanse – dersom vi handlar raskt. Flora som saman med resten av Sogn og Fjordane har alle føresetnader for å gjere det betre i den nye, grøne økonomien enn i den gamle oljeøkonomien. Vi har dei største fornybare energiressursane av alle norske fylke, vi er store på fiskeri og havbruk – og i motsetnad til i petroleumssektoren vil mykje av veksten og nyskapinga i den nye grøne økonomien kunne skje ved desentralisert produksjon/verdiskaping. I den grøne økonomien kan vi ta føringa sjølve, og få opp lokale verdikjeder og verdinettverk som gjer oss i stand til å oppskalere aktivitet i Sogn og Fjordane
Så kjem vi til lokalpolitikk. Det har alltid vore utfordrande å få Flora politikarar til å samle seg til en felles front. Men innan grøn vekst og fornybar energi verkar det som om viljen og kunnskapen går hand i hand i dei fleste parti. Vi veit at unge menneskjer er opptatt av det grøne skiftet. At Flora kommune har ein tydeleg satsing på Grøn Vekst trur vi vil vere eit særs positivt signal mot dei som vurderer å flytte til kommunen og mot dei som allereie er i kommunen. Ei slik tydeleg satsing vil auke Flora kommune sin attraktivitet.

Jan Henrik Nygård
Ordførarkandidat Flora Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**