Venstre stiller spørsmål om miljømål

Lokallagsleder, Haram Venstre., Kristian Stråmyr

Grunngjeve spørsmål til ordføraren frå Ole Johan Høyberg 16. juni.

Global oppvarming er den største trugselen som menneskeheita stend ovanfor i dag. Haram Venstre vil at Haram skal vere ei god føregangskommune på miljøfronten, og meiner det er viktig å handle lokalt. I del to av energi og klimaplanen for Haram Kommune har vi forplikta oss til ein del mål for reduksjon i klimautslepp. Det blir mellom anna vist til 10 % reduksjon av kommunal energibruk i 2015 i forhold til 2008, 5 % reduksjon av energibruk i bustadar og næringsbygg i 2015 i forhold til 2007, reduksjon av totale utslepp av klimagassar med 5 % i 2015 i forhold til 1991 og reduksjon av totale utslepp av klimagassar med 30% i 2030 i forhold til 1991.

På bakgrunn av dette har vi to spørsmål til ordføraren:

  • Korleis vi ligg an i høve desse miljømåla, og korleis arbeider kommunen for å nå dei?
  • Er det på tide å revidere planen for å justere opp ambisjonsnivået for kutt av klimautslepp?

 

Helsing

Ole Johan Høyberg

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**