Sidemålsløft i Bergen

Faksimilie, Norsk Tidend

Bystyret i Bergen vil ha sidemålsundervising i 3. klasse og meir av begge målformer i alle fag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Artikkelen er henta frå Norsk Tidend 3-2015, som du kan lese [her].

Bergen bystyre vedtok i slutten av mai å prøva ut tidlegare og meir sidemålsundervisning. I framlegget frå ein samla opposisjon står det at sidemålsundervisninga skal starte alt i tredjeklasse, og at elevane skal bli eksponerte for både bokmål og nynorsk i alle fag.

“Det overordna målet er å gjera sidemålsundervisinga meir engasjerande, i tråd med regjeringa si Sundvollen-erklæring” heiter det i vedtaket frå Bergen bystyre.

Bergen Høgre gjorde i utgangspunktet framlegg om å gjera sidemålsundervisinga i vidaregåande skule valfri. Men framlegget møtte hard motstand i byen som er omringa av nynorskkommunar, og det fekk kritikk for å gå imot forskinga på språkopplæring.

– All forsking syner at dersom ein lærer begge målformer, blir ein betre i hovudmålet. Dette vill ikkje styrkja norskopplæringa og er eit reint populistisk forslag frå Høgre, fullt av forakt for dei som ikkje er med i fleirtalet, sa Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag, til NRK då framlegget kom.

– Bergen er nynorskhovudstaden i Noreg. Me må visa den stoltheita og tilhøyrsla me har til Vestlandet, sa Erlend Horn (V) og ville samla fleirtalet i bystyret om eit framlegg som tvert om gjekk ut på å styrkja sidemålsundervisinga. Det lukkast han med.

– Me seier til lukke! No byrjar det å likna hovudstadstendensar, sa Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag då vedtaket var gjort.

– Opposisjonen syner at det heilt klart finst rom for ny språkpolitikk i Bergen. Det er bra at Høgre sitt forslag vart nedstemt, og at opposisjonen stod samla og svara så offensivt, lovar bra for nynorskhovudstaden.

Aakre Tennø har sakna ein slik innfallsvinkel i språkpolitikken og meiner den blå sida har vore mest opptatt av å sjå om fritak frå sidemålet fungerer. Ho håpar at vedtaket i Bergen vil gjera sidemålsundervisinga betre. No håpar ho på dominoeffekt.

– Bergen skil seg ut, men ikkje så mykje om ein samanliknar med Ålesund og Stavanger, der det også er nynorsk i stor grad i områda rundt. Forslaget som låg på bordet frå Høgre ville skapt ein bokmålsoase, medan dei rundt skulle lært nynorsk. Det ville vore ein håplaus situasjon, seier Aakre Tennø.

Dette er vedtaket som vart gjort i Bergen 28. mai:

Alternativt forslag til vedtak på vegner av Venstre, KrF, SV, MDG, BY, SP, Raudt, Arbeidarpartiet og Morten Myksvoll (UAV)

1: Bystyret meiner det er eit overordna språkpolitisk mål at elevane i Bergensskulen har god kjennskap til og kompetanse i både bokmål og nynorsk. Bystyret ber difor byrådet kontakte sentrale styresmakter med sikte på å utgreie eit forsøksprosjekt som skal auke elevane sin kompetanse i både hovud- og sidemål. Forsøket skal bygge på to pilarar: at elevane får sidemålsopplæring frå 3. klasse, og at elevane blir eksponert for både bokmål og nynorsk i alle fag. Det overordna målet er å gjere sidemålsundervisinga meir engasjerande, i tråd med regjeringa i Sundvollen-erklæring.

2: Forsøksprosjektet må følgjast tett med fortløpande evaluering og følgjeforsking, og bystyret ber om at komité for oppvekst jamnleg blir orientert.

3: Bystyret ber byrådet om å bli presenter for eit slikt forslag med sikte på igangsetjing av forsøksprosjektet på inntilt tre skular i løpet av komande skuleår. Forslaget må seie noko om omfanget på prosjektet.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**