Ny valkampsekretær

Valkampsekretær Jacob Bredesen, Foto: Sogn og Fjordane Venstre

I juli månad vert Jacob Bredesen (16) valkampsekretær for Sogn og Fjordane Venstre.

Bredesen er busett i Eid, og har vore aktiv i Venstre/Unge Venstre sidan november. Tidlegare har han vore 1.nestleiar for Eid Unge Venstre som han var med på å stifte. Bredesen har vore politisk interessert heile livet. Han har organisasjons erfaring med organisasjonar som Changemaker der han stifta eit lokallag i 2013. Han har og vore medlem av Eid Ungdomsråd sida 2014. Bredesen er no fylkesleiar for Sogn og Fjordane Unge Venstre, og er medlem av landstyret til Unge Venstre.

Han er no ferdig med VG1 på Eid Vidaregåande der han har gått studiespesialiserande linje. I august skal han studere international baccalaureate, ved Red Cross Nordic United World College i Flekke.

Bredesen valte Venstre på grunn av vår sterke satsing på å legge til rette for grøn vekst med ein ansvarlig miljøpolitikk, ein inkluderande sosialpolitikk som hjelp dei svakaste i samfunnet, ein friare og betre skule der valfriheit er i sentrum, og ein offensiv satsing på kollektivtransport. Han syns og Venstre eit eit ansvarlig parti som tenker på framtida til Sogn og Fjordane ved å ha ei kraftig satsing på ungdom i fylket.

Etter å ha budd i ein kommune med Venstre ordførar i 4år er Bredesen overtydd om at det er eit parti som kan få ting gjort. Han er no klar for å gjere ein innsats og vil delta aktivt å valkampen for at Venstre skal gjere eit brakval

Jacob bryr seg spesielt om:

  • Rimelig og punktlig kollektivtrafikk.
  • Fridom og kvalitet i den vidaregåande skulen.
  • Å gi meir velferd til dei som trenger det mest.
  • Ei grøn omstilling

 


**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**