Miljøprisen til Nor Tekstil i Florø

Flora Venstre

Sogn og Fjordane Venstre har i 2015 vald å gje miljøprisen til verksemda Nor Tekstil. Utdelinga av prisen skjedde under Flora Venstre sitt seminar om Grøn vekst.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Ingrid Stavang som er HR-direktør hadde rett før utdelinga hatt eit innlegg på seminaret om korleis ei industri-bedrift som Nor Tekstil har tatt miljø på alvor i fleire år.

Halvor Halvorsen delte ut prisen på vegne av Sogn og Fjordane Venstre. Prisen vart mottatt med stor begeistring og det var tydeleg at bedrifta satt pris på utmerkinga.

Under kan du lese juryen sin grunngjevnad:

Nor Tekstil har ein nullvisjon når det gjeld utilsikta hendingar som kan få alvorlege konsekvensar for det ytre miljø. Bedrifta har som mål om å redusere miljøpåverknaden i form av utslepp av klimagassar, forbruk av energi, vatn, og kjemikaliar samt minimering og kjeldesortering av avfall. Nor Tekstil vil oppnå måla gjennom god kartlegging og overvaking av produksjonsprosessane. Det stillast strenge krav til betydelege reduksjonar i miljøpåverknaden når ny teknologi skal kjøpast inn.

Nor Tekstil har 9 vaskeri som er Svanemerket. Da er bruken av energi, vatn og kjemikaliar innanfor grensene som er satt av Nordisk Miljømerking. Nor Tekstil var første vaskeriverksemd som i Norge vart akkreditert mot NS-EN ISO 140001 standaren. Det forpliktar dei til å jobbe systematisk og kontinuerleg med tiltak som forbetrar miljøet. Dei har ei rekkje andre sertifiseringar, og det er ingen andre flattøyvaskeri som har det same omfanget av sertifiseringar.

Det er viktig at store aktørar går føre som eit godt døme, og som også stiller krav til leverandørkjeda. Nor Tekstil stiller miljøkrav til at leverandørar av tekstilar oppfyller krava i Svanen, EU-blomsten eller tilsvarande.

Vi vil også nemne at tekstiler som er utslitt eller som ikkje kunden vil bruke, blir tatt i bruk i andre samanhengar. Det kan seljast som tekstiler til industri, eller levert til nødhjelp.

Sogn og Fjordane Venstre gratulerer med prisen og ønskjer lykke til vidare med det gode og viktige arbeidet.

Prisutdeling_alle22

Fra venstre: Marit Gjerstad, Ingrid Stavang, Jan Henrik Nygård og Halvor Halvorsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**