Olav Kasland sitt intervju med Telemark Turistforening

Foto: Evy Beater Tveter

Intervju med Telemark Turistforening 8. juli 2015

«Hva tenker du om friluftslivsatsning i Telemark?»
Eg tenker at friluftslivsatsninga i Telemark er svært god. I hovedsak takke være all den frivillige innsatsen som blir nedlagt. Eg meiner at eit av varemerka til Telemark er friluftsliv frå sjø til fjell.

«Hva er ditt forhold til friluftsliv?»
Mitt forhold til friluftslivet er omlag som gjennomsnittet tenkjer eg. Me brukar nærområdet i Bø både vinter og sommar, ikkje minst Lifjell. I tillegg brukar me sjølvsagt Fyresdal kor me har hytte. Eg har budd og arbeida fleire år i Afrika og Asia. Da har eg reist mykje på safari.

«Hva vil ditt parti gjøre for å styrke friluftslivet i Telemark?»
Telemark Venstre vil alltid være forkjempar for ein fri og uavhengig frivillig sektor. Rammevilkåra tildei frivillige bør styrkast. Dette fordi ein som samfunn både er, og bør være, avhengige av frivillig innsats. Ein vil legge til rette for at friluftslivet skal være tilgjengeleg for alle, nær der ein bur. For eit grønt parti som Venstre er klassisk naturvern også viktig. Skal me fortsatt kunne dyrke friluftslivet må allemannsretten være hellig.

«Hva er ditt beste stiminne?»
Mitt sterkaste stiminne går frå Jønnbu på Lifjell, opp til Glekse. Her tilbrakte eg mange vinter- og påskeferiar i min barndom og ungdom. Far min dreiv kiosken i Glekse på 70 tallet og me budde i
denne vesle bua.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**