Møt ungdomen på deira premissar

Anne-Beth Njærheim, Foto: Øyvind Hjelmen

Fylkesmannen i Hordaland har gjennomført ein spørjeundersøking om tenestetilbodet på helsestasjonar og skulehelse-tenesta i Hordaland. Svaret attende er at helsesøstre ikkje har til til å hjelpe barn og ungdom. Saka er referert i BT 27.07.

I 2012 kom lov om folkehelse der kommunar og fylket skal ha meir fokus på førebygging og helsefremjing. Helsesøstertenesta i lag med tannhelsetenesta er dei som i alle år har utført systematisk førebyggjande og helsefremjande arbeid. At det frå regjeringa si side er løyvd meir midlar (rett nok ikkje øyremerka) til helsesøstertenesta har ikkje komme tenesta til gode slik intensjonen var. Det syner den nevnte spørjeundersøkinga.

Venstre og SV har tidlegare foreslått at skulehelsetenesta på vidaregåande skulle overtakast av fylket. Eg trur at den saka bør greiast ut, om kva det vil innebere.

Tenesta på vidaregåande må vere eit lågterskeltilbod, der elevar kan møte opp utan avtale for å ta ein samtale akkurat når det er behov. Det er å møte ungdomen på deira primissar. Då er det dessverre slik at det er kommunane som avgjer kva ressursar dei kan nytte til dette tilbodet på kvar einskild skule.

Anne-Beth Njærheim, Fylkesordførerkandidat for Venstre til fylkestinget i Hordaland

Innlegget sto på trykk i Bergens Tidende onsdag 29. juli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**