Geir Sønstebø og Olav Kasland svarar på Arne Storhaug sitt innlegg om sentrumsgrensa

Breisås mot Lifjell, Arne Hjeltnes

Bø kommune – Sentrumsgrensa

Bø Arbeidarparti v/ tidlegare ordførar Arne Storhaug har i lesarinnlegg i Varden 22. juli og Bø Blad 30. juli opna for å utvide sentrumsgrensa for handel i Bø. I eit intervju i Varden 30. juli blir han støtta av tidlegare ordførar Asbjørn Josefsen, også frå Arbeidarpartiet.

Ved behandlinga av kommuneplanens samfunnsdel for perioden 2013 – 2025, i Bø kommunestyre i desember 2013, som blei samrøystes vedteke, står det bl.a.: «Bø kommune skal i planperioden oppretthalde ei restriktiv sentrumsavgrensing». Til tross for dette fremma Bø Arbeidarparti i samband med behandling av kommuneplanens arealdel nå i april, forslag om utviding av sentrumsgrensa for detaljhandel. Forslaget blei nedstemt i kommunestyret med stort fleirtal. Resultatet blei 20-5 og forslaget fekk bare Arbeidarpartiet sine stemmer. Eg spurde på vegne av Bø Venstre, i eit lesarinnlegg tidleg i juli om vi kan stole på Arbeidarpartiet i denne saka? Spørsmålet gjeld enda meir etter lesarinnlegg/intervju frå tidlegare ordførarar. Mykje tyder på at det er svært usikkert om Bø Arbeidarparti vil respektere det samrøystes vedtaket frå desember 2013 og det klare vedtaket frå kommunestyret i april i år i samband med behandlinga av kommuneplanens arealdel.

Arne Storhaug gjer et nummer av at Bø Venstre støttar etablering av Biltema på Grivijordet, ved å gje dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan. Det kan nemnast at verken fylkesmannen eller fylkeskommunen hadde merknader til vedtaket om å gje løyve til Biltema. Statens Vegvesen trakk sine merknader på vilkår av ei løysing for Valenkrysset. Arne Storhaug meiner at Bø Venstre fråvik sitt standpunkt om ei fast sentrumsgrense ved å støtte denne etableringa. Sjølv om vareutvalet til Biltema blir rekna som detaljhandel, må ein vurdere omfanget av etableringa. Dei har planer om å oppføre eit bygg på 3000m2. Det er eit stort bygg som treng plass, og det et sett strenge vilkår for løyvet, mellom anna er det ikkje tillate å ha noko form for servering i tilknyting til forretninga. I denne samanheng kan det og nemnast at kva som er detaljhandel kan være vanskeleg å vurdere. Til dømes blir ikkje Plantasjen rekna som detaljhandel.

Bø Venstre ynskjer ikkje at det tillatast handel for mat og klede utanfor dagens sentrumsgrens. Å seie ja til et nytt kjøpesenter ville øydeleggje dagens sentrum. Det er pårekneleg at bransjar som bokhandel, foto, optikar, frisør og liknande, ville etablere seg i et nytt kjøpesenter. Det er framleis nok plass innanfor dagens sentrumsgrense til nye etableringar. Vidare næringssutvikling kombinert med leilegheiter i Bø sentrum er noko vi i Bø Venstre ynskjer velkommen. Bø Venstre ynskjer ikkje i å spreie sentrum utover. Vi har fleire døme på at sentrum nærmast er blitt tømt og utan aktivitet når det blir etablert kjøpesenter utanfor. Det er nok å vise til Notodden med Tuven og Skien med Herkules.

Vi ynskjer eit levande og triveleg sentrum med eit yrande folkeliv. Bø Venstre er ein garantist for at dagens sentrumsavgrensing også blir gjeldande i kommande fireårsperiode. Stem derfor Bø Venstre ved valet i september.

Olav Kasland

Ordførar og ordførarkandidat for Bø Venstre

 

Geir Sønstebø

Leiar for utval for plan, teknikk og næring (PTN) og 5. kandidat for Bø Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**