Geir Sønstebø om næringsutvikling og tekniske tenester i Bø

Næringsutviklinga i Bø har i dei siste åra vore god. Sidan 2000 har det blitt skapt 420 nye arbeidsplassar i Bø, noko som er på topp i Telemark. Arbeidslivet i Bø er variert. Me har relativt mange industriarbeidsplassar, fortsatt er handelsnæringa ei drivkraft, turistnæringa har dei siste åra tatt seg opp igjen, og så har me sjølvsagt kompetansearbeidsplassane.

Bø Venstre vil fortsette arbeidet med at kommunen skal legge til rette for god næringsutvikling og etablering av fleire arbeidsplassar i Bø.

God infrastruktur er viktig for bevaring av næringslivet me har i dag, og nyetableringar. Kommunen må fortsatt vere ein pådrivar overfor nasjonale og regionale styresmakter slik at vegnett og jernbanen i regionen blir utvikla vidare. Døme på at tydlege prioriteringar og aktivt arbeid nyttar, er to-timars-avgangar på Sørlandsbanen som nå er på plass, vidare bevillinga på 25 millionar til Stasjonsvegen og arbeidet med bygdepakke Bø. Bø Venstre slår seg ikkje til ro med det me har fått til. Me vil arbeide vidare for ytterlegare å betre tilbodet for buss og bane. Det er eit viktig miljøtiltak at det er eit godt kollektivtilbod både i og til og frå Bø.

Det gode skule- og kulturtilbodet me har, er óg viktig for dei som ynskjer å etablere og busette seg i Bø. Dette er område som Bø Venstre er svært opptatt av å utvikle vidare.

Bø Venstre er oppteken av at det i kommunen er ledige tomter for næring og bustader. Me vil fortsette ein forutsigbar arealpolitikk, og jordbruksjord skal vernast. Eit aktivt landbruk er ei viktig næring som me er oppteken av å legge til rette for ei god utvikling av.

Etter Bø Venstre si meining gjer dei tilsette ved Teknisk eining ein god jobb, tross tronge budsjett. Dei syter for kort sakshandsamingstid på byggje- og plansaker, noko som er viktig for dei som vil etablere seg her med bustad og næring.

Bø Venstre vil:

  • fortsette å drive ei forutsigbar arealdisponering og ta vare på jordbrukets interesser i Bø-samfunnet
  • fortsette å vere ein næringsvenleg kommune gjennom å vere forutsigbar og på tilbodssida
  • framleis jobbe med prosjektet Bygdepakke Bø, slik at ein kan få ned intern-trafikken og få fleire til å gå, sykle eller ta kollektiv transport
  • vere ein aktiv medspelar i Midt Telemark Næringsutvikling (MTNU)
  • legge til rette for at Bø held fram den gode trenden med utvikling av arbeidsplassar
  • vektlegge godt vedlikehald av kommunale bygg, vegar og anlegg
  • vere ein garantist for at Høgskulen, vidaregåande og kompetansemiljø som for eksempel Telemarksforsking blir tatt vare på. Etableringa av Campus Bø må sjåast i denne samanhengen

Geir Sønstebø

Leiar for utval for plan, teknikk og næring (PTN)

  1. kandidat for Bø Venstre
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**