Ulstein – ein miljø- og klimavinnar

Illustrasjon: venimo / creativemarket.com

Program Ulstein Venstre :

Ulstein – ein miljø- og klimavinner
Grøne kommunar legg til rette slik at den einskilde kan ta miljøomsyn i kvardagen. Det har skjedd mykje positivt i sentrum, med utbygging, utsmykking og vegbygging. Men eit sentrum er ingenting utan folk. Det gode bylivet skal vere prega av at folk bur og lever i eit sentrum med urban fortetting og eit urbant miljø.

Ulstein Venstre ønskjer:
✔ el-bilar og el-syklar til bruk i kommunal tenesteyting
✔ hurtigladar for el-bilar
✔ statlege og fylkeskommunale miljøinvesteringar til Ulstein
✔ eit tettare samarbeid med andre kommunar om miljø- satsing og grøn vekst
✔ å sikre vidare utbygging av fjernvarmeanlegg
✔ sørgje for tilrettelegging for kjeldesortering
✔ at kommunen sine fondsinvesteringar skjer i grøne næringar
✔ sikker trafikk til og frå skulane
✔ betre skilting av stoppestadar og ruteinformasjon for Bakkebyruta
✔ eit rimelegare Ungdomskort
✔ å følgje opp og rullere kommunen sin klimaplan
✔ gode offentlege møteplassar, parkar og offentlege toalett
✔ bevaring av sentrumsnære fri- område og grøne lunger, som t.d Vikholmen,
✔ ta vare på dei siste trehusa i sentrum
✔ gang- og sykkelveg Dragsund- brua- Ulstein vgs
✔ gang- og sykkelveg til Flø
✔ eit gjennomgåande kollektivtilbod frå Hareid til Stryn gjennom Kvivsvegen
✔ å setje som krav eit godt kollektivtilbod ved alle nye samferdselsprosjekt

Du kan lese heile programmet her: Ulstein Venstre Program 2015-2019

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**