Vinje Venstre – Kommunalvalprogram 2015

ARBEIDSPLASSAR

Me må utvikle nye/fleire strategiar og tiltak som kan skape grunnlag for arbeidsplassar i alle aktuelle bransjar. Kommunen må samarbeide med relevante kompetansemiljø OG med næringslivet.

Politisk og administrativt trengst det auka kapasitet og fokus på utviklingsarbeidet i kommunen. Me bør vurdere å etablere eit eige utviklingsutval som kan konsentrere seg om desse oppgåvene.

ENDRINGAR RUNDT OSS

Mykje skjer RUNDT kommunen som anten krev førebyggjande innsats, mottiltak eller tilpassing. Til dømes: Politireform, Høgskulefusjon/Rauland og nye oppgåver knytt til kommunereforma. Me må ha kapasitet i administrasjonen til overvaking, strategiutvikling og handling.
Me må også vere i stand til å utnytte endringar som gir positiv utvikling.

Vinje Venstre ynskjer ikkje å utvide opningstidene i kommunen til eit generelt løyve til å halde sundagsope, verken basert på lokale eller sentrale reglar.

KOMMUNESTRUKTUR

Fleirtalet sin politikk i Vinje er å avklare eventuell samanslåing med Tokke. Venstre vil ikkje ta standpunkt i saka nå, men vil legge vekt på forhandlingsresultat og innbyggjarane sitt syn. Dette må derfor kartleggjast på ein påliteleg måte før kommunestyret tek si avgjerd.

DRIFT

Me skal ha god og rasjonell drift for å få høg nytte av pengane. Når det er mulig og forsvarleg må me omdisponere til prioriterte tiltak. Vurdering av drift og ressursbehov må skje kontinuerleg. Det er viktig å ta vare på den fysiske formuen til kommunen (bygg, VA, veg) gjennom god drift og vedlikehald.

UNGDOM OG UTDANNING

Kommunen må ta eit ansvar for at eigen organisasjon tilbyr lærlingeplassar og stimulere næringslivet til det same gjennom tilskot eller på andre måtar som kan avklarast gjennom dialog med bedriftene. Læretida er ein integrert del av utdanninga i praktiske fag. Utan læreplass får ikkje ungdomane fullført utdanninga!

SKULE OG OPPVEKST

Venstre vil prioritere skulane og sikre nok ressursar til at dei kan gje undervisning til-passa den einskilde sine føresetnader, slik lova krev. Alle skal bli sett. Ingen skal plagast. Gode leikemiljø, ballplassar og badeplassar er viktig og må sikrast i alle delar av kommunen.

KULTUR

Vinje kommune skal også i framtida ha kultur som satsingsområde. Utvikling av tidlegare Vinje skule til ein kultursenter (Vinje-senter) med plass til ulike arbeidsplassar i tillegg er eit prioritert utviklingsprosjekt.

Kulturskulen må styrkast og andre kunstuttrykk må finne sin plass saman med musikk.

Vinje Venstre vil styrke det friviljuge arbeidet i alle delar av kommunen gjennom strategisk samarbeid med lag og organisasjonar.

Vinje kommune er full av kulturminne. Vinje venstre vil at det skal lagast
ein eigen plan for vern og forvalting av desse. Denne må også omfatte kunstsamlingane på Rauland.

HELSE OG OMSORG

Ei stor og viktig kommunal oppgåve er å sikre gode helsetenester og omsorg for alle i bygda. Brukarane sine behov skal stå i sentrum.

Samhandlingsreforma kjem til å gi nye utfordringar til alt helsepersonell i kommunen. Vinje Venstre vil møte dette med auka fokus på kompetanse.

Vinje kommune må arbeide for å få etablert base for ambulansehelikopter i kommunen evt. nærast mulig, eksempelvis på Hovden.

MILJØ

Miljøutfordringane stiller krav til kommunane. Venstre går inn for samarbeid om felles miljøvernstrategi i Vest-Telemar

Venstre vil vere positiv til miljøvennleg utbygging av småkraftverk.

JORDBRUK

Venstre vil ha jordbruk som eit satsingsområde. Jordbruket treng drahjelp og me treng fleire beitedyr for å halde eit ope landskap både for eigen trivsel og for tilreisande. Lokalt må me fagleg og økonomisk stø opp om tiltak som direkte eller indirekte fremjar dette føremålet.

INFRASTRUKTUR

Vinje Venstre vil ha fortgang i nybygging og vedlikehald av E 134 og fylkesvegane, spesielt FV37/38 mellom Rauland og Dalen. Dei årlege løyvingane frå stat og fylkeskommune er ikkje nok, og Vinje kommune må søke samarbeid med andre for å få fortgang i arbeidet med m.a. løyvingar til vegane.

Kommunen må sikre at alle delar av kommunen får del i høgkapasitetsbreiband. Utbygging av breiband må om nødvendig skje med bruk av kommunal finansiering.

GRENDENE OG SENTRA

Venstre ynskjer å utvikle levande grender der folk høyrer til, verkar og trivs. Heile kommunen må brukast.

Eit kommunesenter treng rom og gode rammevilkår for å utvikle seg. Betre fysisk tilrettelegging og kommunikasjonsløysing må planleggjast for heile sentrum, slik at det blir plass både til eit breiare vare og tenestetilbod og eit godt bumiljø.

Estetikk skal vere eit berande element i utvikling av tettstadene.

VENSTRE ER ET LIBERALT PARTI, UBUNDE AV KLASSER OG SÆRINTERESSER

Målet for liberalismen er å skape eit samfunn med frie menneske. Fridommen heng nøye saman med ansvar som den einskilde har både for seg sjølv og for samfunnet. Dei som av ulike grunnar ikkje kan ta vare på seg sjølv, må få den hjelpa dei treng til å leve eit verdig liv.

Venstre vil at alle som bur i Vinje, skal kjenne at dei høyrer til eit fellesskap, der dei saman med andre kan finne og forme sin eigen veg til eit godt liv. Vinje skal ha levande bygdesamfunn som er opne for mangfald og med rom for personleg fridom.

10 LIBERALE PRINSIPP

  1. Fridomen skal gjelde overalt, for alle
  2. Det personlege ansvaret er ufråvikeleg
  3. Alle har ansvar for kvarandre, for miljøet og for kommande generasjonar
  4. Verkeleg fridom føreset felleskap og rettferd
  5. Alle er likeverdige, men ingen er like
  6. Politikk skal fremje livskvalitet og menneskeleg vekst
  7. Politisk makt skal komme nedanfrå
  8. Makt skal spreiast og balanserast
  9. Den liberale staten er upartisk, sterk og avgrensa
  10. Liberalismen er optimistisk og alltid undervegs

https://www.venstre.no/telemark/vinje

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**