Ta heile kommunen i bruk – trinn 2

Flora Venstre

Flora Venstre hadde i sitt kommunevalprogram for perioden 2011-2015 eit løfte om å samle de ulike grendeutvala til faste møter med ulike tema og ikkje minst referat frå alle møter med oppfølgings- og tidsplan. Dette har blitt gjennomført med to møter pr. år der det har møtt mellom 20 og 25 representantar frå dei ulike grendalaga og mange saker har blitt løyst via direkte kontakt mellom grendalag og den ansvarlige i kommunen eller politisk leiing. Dette har og fungert som ein god møteplass for dialog mellom dei ulike grendalaga, der ein har ulik erfaring og ulike utfordringar. Men nokon gonger har ein samanfallande interesser og då har ein klart å utnytte fordelane ved å stå samla. Her er det lettast å bruke kampen for eit betre rutetilbod som symbol på at det nyttar å stå saman skal ein få gjennomslag. Store deler av kostnadene for å ha eit velfungerande rutetilbod i distriktet, båtruter, buss og serviceruter vert betalt av fylket. Det er naturlig og rettferdig men ikkje alltid forståelig for dei som skal bevilge pengane. Skal ein difor klare å halde på dagens finansiering av båtruter og serviceruter er det avgjerande at politikarane i Flora har eit konstruktivt samarbeid i sine eigne parti som sit på fylkestinget og samtidig kan samarbeide med dei andre partia på fylkestinget. Skal ein få gjennomslag for lokal politikk som finansieras regionalt så nyttar det ikkje å stå i strandgata å rope om dette. Ein må være tilstade der vedtaka vert fatta.

Flora Venstre er no klar for å ta eit steg vidare i satsinga på distrikta rundt Florø. Erfaring frå førre periode tilseier at det er naturleg å satse på tre hovudområde neste periode som igjen vil bidra til næringsutvikling og folketalsvekst i distriktet.

Grendalagsmøta fortsetter men det etableras tettare band mellom formannskapet og grendalaga. Det blir lagt meir administrativ hjelp i forkant og mellom møta for å sikre betre oppfølging av saker som løftas frem.

Tilrettelegging for distriktet etableras som eiget fora og forankras politisk og administrativt.

For å holde på dagens busetting og samtidig satse på nyetableringar avhenger av tilrettelegging, tilrettelegging og tilrettelegging.

Vi snakkar gjennomgang av bussruter, serviceruter, båtruter, båt materiell, tilbringarteneste, avfallshandtering, breiband, mobildekning, post, bruk av nærbutikken, reiselivspotensialet, kursverksemd, internatverksemd i nedlagte skolebygg, turterreng, kulturtilbod/pakker.

Kva kan dei eksisterande butikkane utføre som ein naturlig del av servicen til innbyggarane? Tenester som kan flyttas nærmare der folk bur der ein letter presset på sentrale tenester og samtidig gir nærbutikken fleire bein å stå på.

Erfaringar frå perioden med dei faste grendalagsmøta har vært med på å danne eit godt grunnlag for å føre Flora kommune vidare i arbeidet med å ta heile kommunen i bruk. Som skissert over så har Flora Venstre og da kanskje underteikna spesielt fått auga opp for mulegheitene som ligger der men og utfordringane. Som mange andre steder i samfunnet så er det kombinasjonen hardt arbeid, systematisk oppfølging, godt kontaktnett og det å kunne sjå muligheitene meir enn begrensingane som gjelder her og.

Vidareutvikling av grendalagsmøta, auka fokus på tilrettelegging og utflytting av tenester.

Det får du best å ved å gje di stemme til Venstre

Jan Henrik Nygård

Ordførarkandidat Flora Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**