Regionreform gjev desentralisering av stat – ja til vestlandsmakt

Gunhild Berge Stang, Fotograf Vidar Helle

Venstre har lenge jobba for ein regionreform der dagens fylkeskommunar vert erstatta med større regionar. Stortinget vedtok i juni 2014 at det skal vere eit regionalt folkevalt nivå mellom stat og kommune. Vidare vedtok Stortinget i juni 2015 oppgåvemeldinga for kommune og regionalt nivå. Der er det mellom anna slått fast at vidaregåande skule og kollektivtilbod som hovudregel skal ligge til regionalt nivå. I dag eksisterer det forsøksordningar med vidaregåande skular på kommunenivå og dei blir vidareførte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

For Sogn og Fjordane Venstre er ei regionreform viktig av fleire grunnar. Dei viktigaste er:

  1. Ved å byggje sterke regionar som kan utfordre sentralmakta i staten, skapar vi maktbalanse i heile landet. Den enorme veksten i Oslo er ei utfordring for ein by med store veksesmerter og for distrikta som opplever fråflytting. 65-70 prosent av dagens ungdom tek høgare utdanning, vi må i større grad klare å behalde dei på vestlandet og i Sogn og Fjordane. Ein sterk vestlandsregion som tek over deler av oppgåvene som i dag ligg til stat, og som i større grad enn no får hand om den store verdiskapinga og ressursane som ligg i denne regionen, er det som skal til for å demme opp under den enorme urbaniseringa til Oslo. Det er eit mål at verdiskapinga som skjer på Vestlandet i større grad må gje ringverknader på Vestlandet. Dagens fylkeskommunar på Vestlandet er ikkje sterke nok til å demme opp for statsmakta i Oslo, og min påstand er at det forklarar Arbeiderpartiet sitt ynskje om å nettopp behalde dagens fylkeskommunar. Ei tonivåløysing der ein kuttar ut det regionale nivået vil også bidra til ei sterkare sentralisering til stat. Ein del av oppgåvene som i dag ligg til regionalt nivå vil kunne flyttast ned til kommunenivå, men nokre oppgåver vil også måtte sentraliserast til stat om ein legg ned det regionale nivået. Det er det motsette av å flytte makt nærare folk.
  2. Ein vestlandsregion vil gje betre tenestetilbod til innbyggjarane. Ved å fjerne fylkeskommunale grenser som i dag er til hinder for innbyggjarane vil vi kunne byggje eit sterkare tenestetilbod innan for vidaregåande opplæring, næringsutvikling, samferdsel og kollektiv. Møreforsking som fekk i oppdrag av Sanner å utgreie oppgåvefordeling, har konkludert med at vi vil trenge eit folkevald mellomnivå. Ein av grunnane er at det å flytte vidaregåande skular ned på kommunenivået, ikkje vil gje eit robust nok tilbod til elevane. Skal vi sette skule og elev i sentrum må difor vidaregåande skule bli organisert på regionalt nivå. Dagens fylkeskommune med sitt elevgrunnlag slit allereie med å tilby eit breitt nok tilbod. Særleg yrkesfaga som er kostbare å drifte, er utsette for å bli lagt ned når elevgrunnlaget er lite. Blir det vidaregåande skuletilbodet lagt under ein vestlandsregion vil det opne for heilt nye moglegheiter for elevane våre. Det vil gjere det lettare å oppretthalde og utvikle fagtilbodet innan yrkesfag, og andre smale fag innanfor kunst og idrett med meir. Det vil også styrke elevgrunnlaget for dei smale linjene på dei vidaregåande skulane vi har i fylket i dag.
  3. Ei regionreform vil føre til ei demokratisering gjennom å flytte oppgåver frå fylkesmann til nytt regionalt nivå. I dette ligg det at fylkesmannen som er statens utsende, berre skal ha ei reindyrka tilsynsrolle og at alle utviklingsoppgåver vert overført til folkevald styring.

 

Like viktig som balanse i landet er balansen i vestlandsregionen. Ein vestlandsregion betyr ikkje at «alt blir flytta til Bergen». For det første har Bergen alt å tene på at resten av regionen får vekse fordi det nettopp styrkjer regionen sin posisjon totalt sett. For det andre er det ikkje slik at offentlege må ha kontor på ein og same stad, men kan desentraliserast. Statens Vegvesen som er delt opp i regionskontor, mellom anna på Leikanger, er eit av mange døme på dette. Dagens fylkeskommune sin administrasjon er også desentralisert med kontor både på Hermansverk og i Førde. Det er ingen grunn til å tru at det skal vere vanskeleg å leggje inn ein premiss om ei desentralisert organisering av den nye vestlandsregionen.

 

Sogn og Fjordane Venstre seier difor ja til region Vestlandet!

 

Gunhild Berge Stang, Fylkesordførarkandidat, Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**