Sykkylven Venstre er opptekne av helse og omsorg

Foto: Getty Images

Venstre har som motto: Folk først. Slik er det og innan “helse og omsorg”.

Når problemstillinga blir aktuell, ynskjer dei aller fleste av oss å bu heime lengst mogleg. Vi i Venstre meiner det må satsast meir på forebyggande tiltak innan heimebasert omsorg. Heimebasert omsorg er meir enn sjukepleietilsyn.

Som alle er kjende med vil vi om kort tid stå framfor ei stor eldrebølge. Dette vil skape utfordringar på mange plan, ikkje minst innan ‘min’ sektor. Det er då særs viktig at både sektoren sjølv og politikarane er “føre var” og utfordrar kvarandre på dei mange ulike problemstillingane og utfordringane som vi veit kjem.

Eg er relativt ny på den politiske arenaen og har difor begrensa kjennskap og kunnskap om det politiske arbeidet innan helse- og omsorgssektoren i Sykkylven. Mitt utgangspunkt er at eg er utdanna anestesisjukepleiar og har eit ynskje om at alle skal ha det best mogleg! Det eg kan påberope meg er litt erfaring frå det praktiske arbeidet innan sektoren frå både inn- og utland. Etter mine erfaringar er nøkkelen til å lukkast systematisk arbeid og tett dialog med dei som står «midt i det».

Eg trur at aktiv og systematisk bruk av tverrfaglege team beståande av lege, sjukepleiar, ergoterapaut og fysioterapaut er ein viktig suksessfaktor.

Vi skal spare institusjonsplassar gjennom å halde folk friskare lengre! Dette er positivt både for den det gjeld og kommuneøkonomien! Ein vinn-vinn-situasjon! Dette fungerar godt og er sett på som sjølfølgje i svært mange kommuner rundt om i landet. Her trur eg Sykylven ligg eit stykke bak.

Sykkylven Bu- og Aktivitetssenter må til ei kvar tid kunne ta imot dei som treng ein plass. «Trykket» på institusjonsplassane er i dag stort. Gjennom enda meir fokus på god og tilrettelagt heimebasert omsorg, trur eg det går an å redusere behovet for institusjonsplass utan å gå på akkord med kvaliteten på tilbodet.

Vi i Venstre vil jobbe for å ta i bruk teknologi for å skape tryggleik og fjerne « tidstjuvar» hos pleiepersonellet, slik at dei får brukt meir av tida si hjå brukarane.

I Sykkylven har vi eit godt kvalifisert helsepersonell. I tillegg har vi mange “frivillige hender” som står på. Som framtidig politisk aktiv har eg tru på at vi gjennom dialog med disse skal finne dei beste lokale løysingane!

Vi håpar på di stemme.

Godt val!

Kanutte Riber Roald

2.-kandidat Sykkylven Venstre

 

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**