-
Skule
Ein trygg skule med godt utdanna pedagogar er viktig for Venstre. Venstre vil nytte disponible midlar til auka lærartettleik, oppdaterte læreverk, trivsel og
aktivitet i klasserommet.
-
Helse
Venstre vil styrkje heimebasert omsorg og dagsentra. Rehabilitering og systematisk trening i eigen heim vil gje stor gevinst både for enkeltindivid og kommune.
-
Miljø
Venstre vil ha "Grøne krav" til alle utbyggjarar og til kommunal drift. Vi vil jobbe aktivt for å få på plass permanent vatn- og avløpsordning i Nysæter- og Fausa-området.
-
Barnehage
Venstre vil arbeide for ei rettferdig fordeling av barnehageplassar - tilbodet må stå i samsvar med kvar folk bur og jobbar. Ein god familiepolitikk er avgjerande for å rekruttere fleire familiar til Sykkylven. Det jobbar vi for!
-
Samferdsel og utvikling
Sykkylven Venstre vil arbeide for tunnel Hole - Stranda, og kjempe imot bomstasjon mellom Magerholm og Glomset. Venstre ser også behovet for å ta betre vare på det vi eig, og ynskjer difor å styrkje vedlikehaldet av bygningane våre.
-
Kultur, idrett og friluft
Kulturarbeidet i bygda baserer seg i stor grad på frivillig arbeid og eldsjeler. Venstre ynskjer å støtte frivillige lag og organisasjonar framfor auka kommunal aktivitet. Friluftsliv er ein vesentleg del av kulturen vår. Difor er det viktig for Venstre å ta vare på alle dei fantastiske områda vi har her i bygda.