Program for Bykle Venstre 2015-2019

Espen W. Mikkelsen, leder i Bykle Venstre., Foto: Jan Kløvstad

Bykle Venstre består av engasjerte folk med hjerte for Bykle og Hovden. Vi vil styrke identiteten til bygdene våre, og ta vare på den sterke frivillighetskulturen som i stor grad er med på å gjere det flott å bo i kommunen vår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Dei fleste har det godt i Bykle, men Venstre meiner at vi målast etter korleis vi tek vare på dei svakaste. Vi vil gå inn for tiltak som gjer livet litt lettare for dei som har minst.

God helse betyr mykje for å ha eit godt liv, og forebygging er viktig. Folkehelse bør gjennomsyre alt arbeid i kommunen. Eksempel på det kan vere alt frå trafikktryggleik slik at det blir tryggare for barn å gå og sykle dit dei skal, til god hjelp til dei som slit med livsstilssjukdommar.

Vi er ein fjellkommune som mange er glade i å besøke. Dette er ein stor ressurs for oss og vi vil ta godt vare på gjestane. Om vi tør å prioritere lokalmiljøet sine interesser – og formidle dette til innbyggjarane, trur vi dette vil skape eit godt grunnlag for vidare utvikling også i næringssamanheng. Kjerneverdiane er viktige, samt det å ha eit særpreg, vere ekte og ærlige. Vi meiner at det bør stillast kritiske spørsmål kring nye utbyggingsprosjekt, og at å tenke langt av og til inneberer å ha litt is i magen. Bærekraft og miljøløysingar bør vere ein stor del av vurderinga.

Skule og oppvekst:

  • Vi ynskjer å oppretthalde den faglege kompetansen som finst både i grunnskulen og i barnehagane i kommunen. Pedagogtettleik i barnehage og skule skal sikrast., også med kvalifiserte fagpersonar på SFO og i spesialundervisning.
  • Området rundt Bykle skule er mykje i bruk også utanom skuletid. Bykle Venstre vil arbeide for ei opprusting av uteområdet ved Bykle skule med leikeapparat og eit overbygg.
  • Grusbanen på Hovden er lite attraktiv i dag. Vi meiner det bør lagast ein kunstgrasbane på delar av området.
  • Vi meiner skulane og barnehagane bør ha livssynsnøytrale avsluttingar.
  • Eit godt kulturtilbud for ungdom er viktig. Venstre vil sikre trygge møteplassar for ungdom.

Næring.

  • Venstre ønsker å løfte fram dei bedriftene som allereie er etablert, gjennom god oppfølging og likebehandling.
  • Venstre er småbedriftenes og etableraranes største forkjemper. Vi ønsker å legge til rette for gode rammevilkår for etablering i kommunen. Kommunen bør og bistå nyetablerarar med rådgjeving.
  • Venstre ønsker sterkt å være med på å fremme den «grønne næringen», dette gjeld blant anna å jobbe aktivt for å få datalagringsentre til dalen.
  • Turisme er den største næringen i kommunen. Vi må sørge for at denne er bærekraftig for framtida.

Infrastruktur:

  • I Bykle kyrkjebygd er det dårleg med gangvegar langs riksveg 9. Dette kjem no på plass til Storetjønn. Venstre vil ha gang- og sykkelveg og nordover mot den nye vegen til Stavenes. Vi vil og arbeide for ein godt opplyst fotgjengarovergang pårRiksveg 9 ved Coop-butikken.
  • Det er regulert inn ny riksveg 9, utanom sentrum på Hovden. Dette er ikkje ei prioritert vegstrekning frå Statens Vegvesen si side, så det kan ta veldig mange år før dette eventuelt skjer. Bykle Venstre ønskjer difor å planleggje ut frå dagens situasjon der riksveg 9 går gjennom sentrumskjerna. Ein bør ruste opp sentrum med større bilfrie areal som bør gjerast om til attraktive sosiale møtestader for heile befolkninga. Ein bør og sikre gode kryssingspunkt på dagens riksveg 9.
  • Det kan vere vanskeleg å skaffe boligar i Bykle kyrkjebygd til dei som vil flytte dit. Vi i Venstre meiner at kommunen bør utrede moglegheitene som finst for å sikre boligsituasjonen i Bykle kyrkjebygd.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**