Vi vil forplikte kommunar med vidaregåande skular

Student
Foto: Microsoft

Kommunar må utfordrast på å likebehandle hybelbuarane og ta i mot dei som eigne innbyggjarar. Dette meiner Sogn og Fjordane Venstre. – Ungdommar ned i 16 år som flyttar på hybel, flyttar ikkje berre frå familie, men frå nærmiljø, vener, fastlege, fritidstilbod m.m., og dette gjere dei unge hybelbuarane til ei sårbar gruppe. Påstanden blir også støtta av forsking som fortel at unge hybelbuarar er meir utsett for helserelatert risikoåtferd og at denne gruppa blir meir usynlege for sosiale kontrollmekanismar. Mange opplever når dei kjem til hybelkommunen at dei fell mellom to stolar. – Ofte må hybelbuande elevar gje opp fritidsaktiviteten i heimkommunen, utan at deira interesser blir følgt opp av hybelkommunen. Til dømes høyrer vi om hybelbuarar som ikkje får tilbod av kulturskulen eller må stille bakerst i køa fordi dei ikkje har folkeregistrert adresse der.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Fylkeskommunen har vore inn i ein krevjande prosess med å tilpasse skulestrukturen i vidaregåande til eit synkande elevtal. Økonomiske utfordringar står for tur. Sogn og Fjordane Venstre vil ikkje sende fleire elevar på hybel og vil ta endå sterkare tak i dei er hybelbuarar i dag. Kommunane har ei nøkkelrolle her og vi må forvente at vertskommunane tek ansvar for hybelbuarane sine. Det er ikkje tvil om at tilbodet om vidaregåande opplæring er ei stor vitamininnsprøyting i dei kommunane som har skule, medan andre lokalsamfunn opplever å bli tømd for ungdommane sine.

 

Dei vidaregåande skulane har blitt flinkare med tiltak for å betre hybelbuarane sin kvardag, men det er like viktig at vertskommunane og lokalsamfunnet også gjere sitt for at hybelbuarane får ei like trygg og god ungdomstid som deira eigne ungdommar. – I planlegginga av framtidas vidaregåande skule så meiner Venstre at omsynet til kvalitet må vere styrande, men vi kan ikkje stikke under ein stol konsekvensane dette har for hybelbuarane. – Som også forsking peikar på så må vi som politikarar ha eit tilsvarande fokus på den førebyggande innsatsen.

 

Gunhild Berge Stang. Fylkesordførarkandidat Sogn og Fjordane Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**