Lesarinnlegg

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer deg selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!

Arnulf Øverland sine ord frå 1937 er skremmande aktuelle når vi ser på nyhets-bileta dei siste vekene. Mange grufulle og ubarmhjertige hendingar. Vaksne og barn som døyr på flukt. Kva er desse menneskeliva verd? For bakmenn representerer dei berre pengar, men dei var ein gong akkurat slik som du og eg; foreldre, barn, gifte, forelska, studenter, dei kunne delta i samfunnet og ha eit godt liv, leve akkurat slik vi gjer. Dei kan ikkje gjere dette lengre, alt er røva frå dei og dei er tvungne på flukt.

Overfloden har gjort oss til eit folkeferd som tviheld på vår eiga lukke i frykt frå at nokon skal stjele det frå oss, vi er redde for at velferden vår forsvinn om vi må dele den med fleire, at vi misser «vårt» Europa.

Rosetoga som blomstra opp etter det grufulle massedrapet på Utøya og angrepet på Regjeringskvartalet i 2011 blei eit manifest i Norge for meir demokrati, menneskeverd, kjærleik og solidaritet- og mot hat og likesæle, som eit enormt og massivt motstykke til Breiviks skitne manifest. Torer vi å gjere desse orda til våre i dag, torer vi som samfunn å vise at vi meiner noko med det, i lys av flyktningetragediene som utspeler seg i vår geografiske nærleik? Torer vi å vise at vi tar orda frå rosetoga på alvor, og torer vi å seie ja til ein dugnad for å hjelpe menneske i naud- menneske som oss, som drøymer om eit godt liv for seg og sine?

For det er vel slike draumar eg og du også har for oss sjølve, barna våre og framtida vår. Eller?

Sula Venstre ønskjer at Sula kommune skal delta i ein dugnad for å gje fleire menneske ein stad å bu og at dei får mulegheiter til å leve trygge liv. I dag sit omkring 5000 flyktningar på mottak rundt om i Norge- desse er allereie innvilga opphald, men manglar kommunar som er villege til å ta i mot dei. Sula Venstre sørga for at kommunestyret vedtok at vi skal bosetje 12- tolv- personar inneverande år (det opprinnelege forslaget vårt var på 25 menneske).

Vil du, i lag med Sula Venstre, at vi skal opne for at fleire kan få eit betre liv, at vi skal vise meir solidaritet, meir kjærleik, meir demokrati og meir menneskeverd? Stem på oss i kommunevalet 13.september- Godt og menneskeleg val.

Politikerstafett, Sulaposten 3.september 2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**