Det er innhaldet i eldreomsorga som tel

HaNo-dagane
Ordførarkandidatane i Haram., Eili Å. Arntsen

I Nordre 8. september får vi eit kort innblikk frå valdebatten på HaNo-dagane. Det er kvileheimen på Longva som får størst spalteplass av dei ulike sakene vi diskuterte i debatten, og det kviler difor tungt på avisa å gi eit nyansert syn på saka. Det greier dei diverre ikkje.

Når eg les Nordre si dekning byrjar eg å lure på om vi i det heile tatt har vore i den same debatten, og sidan eg sjølv sat i panelet tillét eg meg å kome med nokre observasjonar.

I 2014 vedtok Haram kommunestyre at Haram Kvileheim blir oppgradert og omgjort til totalt 14 omsorgsbustadar. I tillegg vart det bestemt at administrasjonen skal arbeide vidare med å kartlegge behov og brukarar med tanke på dagtilbod/-aktivisering, inkludert ev. flytting av heimebasert omsorg sin base frå Austnes til Longva, og at vi skal styrke heimebasert omsorg fram til Nordøyvegen er på plass. Det er verdt å merke seg at Kveldsro kvileheim vart i det same vedtaket nedlagt og vert lagt ut for sal. Kontrasten mellom å verte omgjort og det å verte nedlagt vert brått mykje større enn det avisa gir inntrykk av når dei skriv at kvileheimen på Longva vert nedlagt.

At dei eg møtte på HaNo-dagane var engasjert i denne saka gir meg på ingen måte intrykk av «politikarslakt» som avisa skriv at vi fekk, snarare tvert om at veljarane er medviten på at det no er eit lokalval og ynskjer å vite kor dei ulike partia stend i saka. Og når det gjeld «tvangsflytting av gamle folk til Vatne og mistrivnad» byrjar eg verkeleg å lure på kva Nordre driv på med, men vel å trekke den slutninga at dei med denne ureelle skremselspropagandaen ikkje berre snakkar ned Vatne, men også diktar opp ting å skrive om. Nådestøyten å «gjere dei einsame og ta livsgnisten frå dei» i neste setning kjem det alt for dårleg fram at dette er journalisten (og dermed også avisa) sine meiningar og har verken rot i røynda eller i debatten på søndag.

Det Nordre skriv om at alle dei politiske partia lova ny vurdering av saka er også heit feil. Vi vart spurt av ordstyraren å svare ja eller nei om vi ville sjå på saka dersom ho kom opp på nytt. Dette svarte alle ja på unntatt eg som var avbroten i det eg skulle til å seia at vi sjølvsagt skal sjå på alle saker som kjem opp, men at eg meiner at vedtaket frå kommunestyret stend seg godt. Dette nettopp fordi eit enkelt ja gir uttrykk for Nordre si tolking av spørsmålet.

Etter å ha gjort greie for bakgrunnen og Nordre si einsidige dekning av saka må eg få skyte inn litt av det eg sa i sluttappellen min om eldreomsorg, tatt fritt frå hukommelsen: -Venstre vil styrke grunnbemanninga i omsorgssektoren og få på plass ei fast stilling som roterande sjukeheimslege. For oss er det innhaldet i eldreomsorga som tel, og når den nye omsorgsarenaen på Eidet er på plass vert dette noko heile kommunen kan vere stolt av.

 

Kristian Stråmyr

Ordførarkandidat for Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**