Drivstoffstasjonar for alle bilar

Privat

Det har lenge vore hevda frå bransjehald at bensinstasjonane ikkje tenar pengar på bensin/ diesel uansett pris ut til forbrukar.

Dei overlever angiveleg på det dei sel av kioskvarer.

Samstundes er det ein stadig større del av bilane i Norge som går på straum. Desse trenger å stå ei stund lenger for å få fylt opp batteria sine.

Då vert det litt vanskeleg å forstå kvifor ikkje fleire av dagens bensinstasjonar utvidar tilbodet sitt til og å serve desse.

Eg kjenner til berre ein lokalisering i Sogn som har ein liknande stasjon med samlokalisering av stasjon for flytande drivstoff og straum til elbil.

I Aurland, ved verdas lengste tunell, ligg det ein drivstoffstasjon som kan tilby både straum og tradisjonelt drivstoff.

I Aurland har kommunen spelt på lag med dei private initiativtakarane for å få til dette.

Bensinstasjonane ligg alltid lett tilgjengeleg for bilistane, det same kan ein ikkje alltid seie om ladestasjonar for el-bil.

Statoil har teke initiativ og utvida sine drivstoffstasjonar langs deler av Europavegnettet.

Det er sjølvsagt opp til bransjen å gjere denne omlegginga, men Venstre i Sogn og Fjordane ser positivt på å samarbeide gjennom planarbeid og andre offentlege støtteordningar.

Marianne Øren

Lærdal Venstre sin 8. representant til kommunevalet

Sogn og Fjordane Venstre sin 2.kandidat til fylkestingsvalget og

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**