Politisk organisering i Lærdal – ei viktig sak

privat

Gjennom kommunelova er kommunane gjeve stor fridom til å velje korleis ein organiserer seg. Tidleg på 2000 talet vart det gjennomført ei endring av politisk organisering frå hovudutval- til komitémodell i Lærdal kommune. I dag har ein av politiske organ kun kommunestyret, formannskapet og administrasjonsutvalet (utanom det lovpålagde kontrollutvalet). Ulike modellar har sine fordeler og ulemper – situasjonen i tida avgjer kva som passar best. Ein forventing til dagens modell er at dei folkevalde ikkje skal drive detaljstyring, men at kommunestyret skal gje rammer for drifta. Lærdal Venstre meiner det no er tid for å gå tilbake til hovedutvalmodellen. Ein vil foreslå utvalstruktur i tråd med administrativ organisering: Oppvekst og kultur, Tekniske tenester, Helse og omsorg, Landbruk. Dette vert begrunna nedafor:

  1. Dagens modell skulle opprinnelig supplerast med komitéar (adhoc utval) – dette har vore gjort i ulike saker. Ein erfaring er at slike utval har bydd på utfordringar i rolleforståing. I nokre tilfeller har knytinga til adminstrasjonen vore svak eller fråverande. Utval vert oppretta frå sak til sak, fagkompetanse og kontinuitet vert svak.
  2. Formannskapet handsamar i dag eit stort spekter av saker. Ein kan stille spørsmål ved om utfordringane og arbeidsbyrda for formannskapet er for stor.
  3. Ved behov for innsparing, slik situasjonen er i dag, etterlyser gjerne adminstrasjonen klårare politisk prioritering frå dei folkevalde. Forsking syner at hovedutvalmodellen kan vere vel så effektiv som dagens modell. Ein kan tenkje seg at tettare dialog gjennom hovedutval fører til betre og raskare avgjerder. Eit slik utval vil ha moglegheit til å fordjupe seg og vil vere enklare å forholda seg til for administrasjonen enn dagens formannskap.
  4. Ein treng breiare involvering av dei folkevalde. Med dagens modell er det eit fåtal personar som går igjen i mange utval. Det er mange fleire som kunne blitt involvert ved hovedutvalsmodell. Slik involvering kan vere viktig for å gjere politikken attraktiv og slik få tilfredsstillende rekruttering.

Endring av modell medfører nødvendigvis endring av delegasjonsreglement. Dette kan administrasjonen oppleve som negativt. Fordelen er at dei folkevalde får meir høve til å gjere dei naudsynte prioriteringane på eit meir detaljert grunnlag.

Eit argument i mot hovudutvalsmodellen er at ein får «sektorpolitikarar». Med dette meiner ein at kvar politikar vert for oppteken av «sitt utval» og bruker mykje energi på at nettopp dette fagområdet skal verte prioritert. Ei slik fallgruve må ein sjølvsagt vere bevist på å unngå.

 

For Lærdal Venstre

Olav Grøttebø

Leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**