Sjølvskryt – den ærlegaste forma for skryt…?

Venstre har gjennom ei årrekke jobba for eit grønare og meir sosialliberalt Sula. Dei siste fire åra har vi sete i formannskapet, kulturutvalet, teknisk utval og kommunestyret. Her har vi markert oss tydeleg. Nokre døme:

Trafikktrygging – også for dei små og mjuke

  • Vi har talt for trafikktrygging i sak etter sak, og særleg for mjuke trafikantar. I løpet av desse fire åra, har vi sett eit tydeleg auka medvit blant Sula-politikarar når det gjeld nettopp trafikktrygging. Vi vågar å tru at vi har påverka.
  • Sula Venstre arbeidd aktivt som medlem i Trafikktryggingsutvalet i Sula kommune.
  • Der har vi bidrege sterkt til at det no finst ein plan for trafikktrygging i Sula, som skal vedtakast hausten 2015. Denne planen gjer mellom anna at vi stiller sterkare når vi søkjer om fylkeskommunale midlar til trafikktrygging.

Gode oppvekstvilkår

  • Vi har teke politisk initiativ til opprettinga av den nye barne- og familieeininga. Denne er ei samorganisering av helsestasjonen, barnevernet og PPT. Eininga var ein realitet frå 1. januar 2015. På sikt skal denne gi betre tenester og lågare terskel for alle familiar som treng støtte.
  • Vi har ved fleire høve føreslått og/eller vore med på å vedta å bruke meir pengar på
    • Lærarar – særleg for dei yngste elevane
    • Helsesøster
    • Tilsette ved Donken fritidsklubb
    • Skulepsykolog

Barna sitt perspektiv i areal- og plansaker

  • Vi har bidrege sterkt til at Sula i dag har ein barnerepresentant i 15 % stilling. Ho er barna sin talsperson i plansaker (trygge vegar, gode byggefelt, gode leikeplassar med meir).
  • Vi har føreslått og fått med oss kommunestyret på følgande: Ved framtidig bygging/ombygging av skular, skal uteområdet vere ein del av sjølve byggeprosjektet – og ikkje komme «ein gong seinare». Slik skal vi unngå nedprioritering av uteområda ved skulane – noko som har skjedd mellom anna ved Sula ungdomsskule.
  • Sula Venstre har gjennom utrøytteleg arbeid for leikeplassar, bidrege sterkt til å la Sula-barn behalde dagens områder å leike på.
    • Vi har fått på plass ei leikeplassnorm som gjeld ved etablering av nye byggefelt. Denne seier at leikeplass skal lagast til, innan eit visst tall på bustadar er tatt i bruk.
    • Vi har stadig minna om at det ikkje er lov å bygge ned eit område som blir brukt til leik, utan å erstatte det med eit anna område.
  • Vi har bidrege til å ta vare på fleire friområde i den nyleg vedtekne kommuneplanen.
  • Vi har bidrege til å tilbakeføre heile Bolvika til friområde.

Miljø og helse

  • Vi har vore vaktbikkje for klima- og miljøplanen. Denne planen bidrog vi sterkt til å utarbeide i førre fireårsperiode.
  • Vi har argumentert for å tenkje førebyggande i sak etter sak.
  • Vi har vore med og bestemt at vi skal bruke meir pengar på heimesjukepleie.

Sula Venstre er klare for å halde fram med arbeidet, og bed om di stemme.

 

Godt val!

Liv Kjersti Finholt
Stine Lerheim
June Skodje Skaar

Sula Venstre
Sula Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**