Resultat – valet 2015

Foto: KRD (CC BY-NC 2.0), https://flic.kr/p/aiw4ND

Valresultatet vart ikkje som me kunne ønskt oss.

Me vil uansett få takka dei 56 personane som stemte på Sauda Venstre i år. Det var dessverre ikkje nok til å halde på mandatet vårt i kommunestyret. Derfor blir det ingen Venstre-representant som kan kjempe for eit grønare og varmare Sauda dei neste fire åra.

Ein må ha respekt for veljarane. Så får me arbeide for at fleire gir oss tillit i 2019.

Gratulerer til Sauda Senterparti med 44,7 prosent! Det står det respekt av.

Resultatet av kommunevalet 2015 for Sauda.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**