Haram Venstre –For unge og eldre

Årsmøte i Haram Venstre., Haakon E. Stråmyr

Håvard Urkedal debuterte i kommunestyret 19. november. I tillegg til å diskutere val i diverse utval fremja han eit tilleggsforslag til uttalen om revidert bypakke i Ålesund som blei nedstemt. Sjå web-sending frå møtet her.

Tradisjonen tru blei den yngste kommunestyremedlemen vald til representant i Ungdomsrådet. Dette er Kristian Stråmyr med sine 22 år. I andre enden av skalaen blei lokallagsleiar Ole Johan Høyberg vald til representant i Eldrerådet, med godt skotsmål frå ordførar Vebjørn Krogsæter. Med seg som vara til Eldrerådet får han Thomas Vadset som elles figurerer som 1. vara i kulturutvalet. Ny i lokalpolitikken er Eili Ånadal Arntsen som blei medlem i ad hoc-komiteen for mottak av flyktningar og Håvard Urkedal som mellom anna blei vald til 1. vara i det prestisjefulle næringsfondet.

Full oversikt over verv er oppstilt under:

Kristian Stråmyr:*

  • Klagenemda (nestleiar)
  • Ungdomsrådet (kommunestyret sin rep.)

Håvard Urkedal:

  • Næringsfondet (1. vara)
  • SU Vatne U.skule (1. vara)
  • Utsending til friluftsrådet (2. vara)

Ole Johan Høyberg:

  • Eldrerådet (kommunestyret sin rep. og nestformann)
  • Råd for funksjonshemma (1. vara)
  • Heimevernsnemda (1. vara)

Thomas Vadset:

  • Kulturutvalet (1. vara)
  • SU Tennfjord B.skule (1. vara)
  • Eldrerådet (1. vara)

Eili Ånadal Arntsen:

  • Ac hoc-komité for mottak av flyktningar (medlem)

Det nye gruppestyret.

*Stråmyr er tidligare vald som 2. vara til formannskapet på fellesliste med Frp og personleg vara til styret i ID-huset.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**